ID3-208 Friluftsliv vinter

Emneplan for studieåret 2020/2021

På grunn av Covid-19 kan det skje endringar i emneplanar ved HVL hausten 2020. Endringar i den enkelte emneplanen vert publisert i Studentweb og Canvas, og når det er publisert endringar for eit emne der er det desse som gjeld, og ikkje emneplanen på nettsidene. Døme på endringar kan vere gjennomføring av praksis, eksamenstype, eller om det skal setjast bokstavkarakter eller bestått/ikkje bestått.

Innhald og oppbygging

Gjennom teori og ekskursjonar i vinterfjellet skal studentane tileigne seg grunnleggande kunnskap og erfaring knytt til trygg ferdsel og opphald i vinterfjellet. Faktorane terreng, snødekke, vær og menneske er sentrale i Nordisk vinterferd og toppturar i oversiktlig terreng. Desse faktorane blir implementert og diskutert i emnet. Skredredning og enkle senario med sendar/mottakar blir gjennomgått. Under temaet førstehjelp blir det arbeida med ulike skader, sjukdommar og generell nedkjøling som kan oppstå i samband med friluftsliv vinter. Kartforståing, bruk av kompass og enkel bruk av GPS som verktøy er også sentralt i emnet.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om nordisk vinterferd
  • har kunnskap om topptur i oversiktlig terreng
  • har kunnskap knytt til orientering, bruk av kart, kompass og GPS
  • har kunnskap knytt til grunnleggande kameratredning snøskred 
  • har kunnskap om grunnleggande førstehjelp knytt til friluftsliv vinter

Ferdigheiter

Studenten

  • kan planlegge, gjennomføre og evaluere turar knytt til nordisk vinterferd
  • kan planlegge, gjennomføre og evaluere toppturar i oversiktleg terreng
  • kan orientere med bruk av kart og kompass
  • kan nytte GPS som supplement til kart og kompass
  • kan utføre kameratredning knytt til snøskred med og utan sendar/mottakar
  • kan utføre grunnleggande førstehjelp til skada person

Generell kompetanse

Studenten

  • kan planlegge, gjennomføre og evaluere ekskursjonar knytt til nordisk vinterferd og toppturar i oversiktleg terreng

Krav til forkunnskapar

Fullført 1.år bachelor idrett eller anna relevant utdanning.

Tilrådde forkunnskapar

Vere førebudd på overnatting i og på snø og kunne bere eige og felles utstyr på ekskursjonar.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er teoretisk og praktisk innretta med førelesningar og individuelt arbeid, samt obligatoriske læringsaktivitetar knytt til gruppearbeid, studentpresentasjonar, ekskursjonar og praktiske øvingar for at studentane kan ta ei aktiv rolle i læringsprosessen. Lærestoffet skal så langt som råd bli integrert og erfart i den praktiske undervisninga. Her vil også studentane få to samanhengande veker i praksis, som skal gjennomførast anten i skuleverket eller i ein behandlingsinstitusjon der ein søkar å få til ei utvikling i sitt pedagogiske- og didaktiske arbeid. Fagblogg blir brukt i samband med ekskursjonar.

Ekskursjonar:

  • Nordisk vinterferd i skogen m/førstehjelp, 2 dagar med vegleiar og 2 dagar på eigenahand
  • Nordisk vinterferd i høgfjellet, 5 dagar
  • Skredlære på topptur i oversikteleg terreng, 2 enkeltdagar
  • Topptur på ski i Jostedalen, 2 dagar
  • Eigenferd nordisk vinterferd, 5 dagar
  • Topptur på ski i Vest-Jotunheimen, 3 dagar
  • Skitur på Jostedalsbreen, 3-4 dagar (del 2 av NF-grunnkurs bre)

Arbeidskrav

For å ha rett til å ta eksamen må alle arbeidskrava vera godkjent. Det er obligatorisk frammøte og krav om aktiv deltaking frå studenten i undervisning med obligatoriske læringsaktivitetar. Disse læringsaktivitetane er knytt opp mot læringsutbytte om grunnleggande førstehjelp og kunnskap om topptur i oversiktleg terreng.

  • Godkjent planlegging, gjennomføring og evaluering av ekskursjonar
  • Gjennomført og godkjent praksis og praksisrapport
  • Godkjent turplan, gjennomføring og evaluering av eigenferd (nordisk vinterferd)

 

I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav.

Vurderingsform

Individuell, munnleg eksamen. Gradert karakter (A - F).                                                                 

Eksamen er delt i emna vinterfriluftsliv, førstehjelp og orientering, der alle emna må vere bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • ID3-208 (1) - Friluftsliv vinter - Reduksjon: 15 studiepoeng