ID3-310 Fordjuping Alpin skiferdsel

Emnebeskriving for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Gjennom emnet skal studentane utvikle kunnskap og forståing om alpin skiferd i oversiktleg og utfordrande terreng. Terrengvurderingar, systematisk snødekkeundersøkelsar, værkjennskap og gruppeprosessar ved menneskeleg samhandling inngår som sentrale faktorar i turplanlegging, gjennomføring og evaluering av turar. Kameratredning med sendar/mottakar blir også gjennomgått.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om planlegging, gjennomføring og evaluering av alpin skiferd i oversiktleg og utfordrande terreng
  • har kunnskap om terrengets betyding i forhold til alpin skiferd
  • har kunnskap om vegvalsvurdering i oversiktleg og utfordrande terreng
  • har kunnskap om systematisk snødekkeundersøkelse som metode for snødekkevurdering
  • har kunnskap om korleis skredvarsling (varsom.no) brukes i turplanlegging, gjennomføring og evaluering av alpin skirferd
  • har kunnskap om verets betyding for alpin skiferd og snødekkets oppbygging
  • har kunnskap om gruppeprosessar og menneskeleg samhandling knytt til alpin skiferd
  • har kunnskap om kameratredning og bruk av sendar/mottakar - utstyr på grunnleggjande nivå
  • har kunnskap om korleis kameratredning ved komplekse søkescenarier ved bruk av sendar/mottakar - utstyr kan gjennomførast

Ferdigheiter

Studenten

  • kan planlegge,gjennomføre og evaluere alpin skiferd i oversiktleg og utfordrande terreng
  • kan vurdere terrengets betyding i forhold til alpin skiferd
  • kan gjere vurdering på vegval i oversiktleg og utfordrande terreng
  • kan systematisk snødekkeundersøkelse som metode for vurdering av snødekket
  • kan nytte skredvarsling (varsom.no) i turplanlegging, gjennomføring og evaluering av toppturar
  • kan redegjøre for verets betyding for ferdsel på topptur og snødekkets oppbygging
  • kan redegjøre for gruppeprosessar og menneskeleg samhandling knytt til alpin skiferdsel
  • kan gi opplæring i kameratredning og bruk av sendar/mottakar - utstyr på grunnleggjande nivå
  • kan gjennomføre kameratredning ved komplekse søkescenarier ved bruk av sendar/mottakar - utstyr

Generell kompetanse

Studenten

  • kan planlegge, gjennomføre og evaluere turar knytt til alpin skiferd i oversiktleg og utfordrande terreng

Krav til forkunnskapar

  • Idrett årsstudium eller anna relevant utdanning
  • Fullført og bestått skredkurs eller tilsvarande
  • Opptaksprøve med forventningsavklaring på følgande tema: Terreng, snø, vær, gruppeprosessar og eigenferdigheit i oversiktleg terreng

Tilrådde forkunnskapar

  • Fullført og bestått skredkurs eller tilsvarande
  • Erfaring med alpin skiferd

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformer på emnet er ei blanding av forelesing, individuelle oppgåver og praktisk undervisning. Alt teoretisk lærestoff bli integrert og erfart i den praktiske undervisninga. Deltaking føreset at studenten er førebudd med omsyn til tuplanlegging, teoretisk pensum og nødvendig utstyr.

Ekskursjonar:

  • Sogndalsdalen, 1 dag: Eigenferdigheit på tur i oversiktleg terreng og skredteori
  • Sogndalsdalen, 3 dagar: Planlegging (terreng, vær, snødekke og mennesket), gjennomføring og evaluering av tur
  • Hemsedal eller liknande destinasjon, 1 dag: Vurdering i forhold til heisbasert skikøyring utanfor preparerte løype
  • Jostedalen, 4 dagar: Planlegging, gjennomføring og evaluering av tur samt redning og øving sendar/mottakar
  • Sogndalsdalen, 1 dag: Planlegging, gjennomføring og evaluering av tur på homogent snødekke (vår)

Arbeidskrav

  • Godkjent obligatorisk undervsining/ekskursjonar: Planlegging, gjennomføring og evaluering
  • Innlevering av eit individuelt artikkelsammendrag, etterfulgt av munnleg framlegging
  • Innlevering av fire planlagte, gjennomførte og evaluerte turar i oversiktleg terreng

I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for alternative arbeidskrav.

Vurderingsform

Munnleg individuell eksamen på 30 min. Gradert karakter (A-F).

Fagleg overlapping

  • ID3-310 (1) - Alpin skiferdsel - Reduksjon: 15 studiepoeng