ING1008 Fysikk

Emnebeskriving for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Rørsle langs ei rett line, rørsle i rommet, Newtons lover, arbeid og energi, kollisjonar, rotasjonsrørsle, spinnsats, periodiske rørsle - termofysikk, tilstandslikninga, pVt- diagram, sykliske, reversible og irreversible prosessar, varmetransport. Elektriske felt, elektriske kretser, ladning.

Læringsutbytte

- Kunnskap

 Studenten kan gjere greie for:

  • strukturen til den newtonske mekanikken, betraktningsmåtar i termofysikk og grunnleggande elektrisitetslære.
  • Newtons tre lover og arbeid-energi-setningen, både for translasjons- og rotasjonsrørsle.
  • bevaringslover som er nyttige i samband med kollisjonar, både for translasjons- og rotasjonsrørsle.
  • termodynamikkens grunnsetningar.
  • omgrepa elektrisk ladning og elektrisk felt.
  • Coulombs lov.
  • Ohms lov.
  • Kirchhoffs lover.
  • krav som er knytt til bruk av dei ulike lovene og prinsippa.
  • bruken av modellar og modellar sitt gyldigheitsområde.

- Ferdigheiter:

Studenten kan gjennomføra:

  • berekningar basert på den newtonske mekanikken, både for translasjons- og rotasjonsrørsle,
  • bruk av gode og tydelege skisser som del av oppgaveløysingar i mekanikk,
  • berekningar av enkle periodiske rørsler,
  • berekningar med tilstandslikninga for ideelle gassar og knytt til pVT-diagram,
  • berekningar av stasjonær varmetransport, ein-dimensjonalt og røyrgeometrisk,
  • berekningar for enkle elektriske krinsar,
  • laboratoriearbeid med samarbeid i gruppe og rapportskriving.

- Generell kompetanse:

 Studenten kan:

  • forklara fysiske problemstillingar og løysingsmetodar til andre, både skriftleg og munnleg,
  • bruka verktøy frå fysikken til å finna svar på problemstillingar i andre teknologiske fag,
  • gjenkjenna enkle fysiske lovmessigheitar slik dei kjem til uttrykk i komplisert teknologi.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

2FY / Fysikk 1

3MX / R2

Analyse og lineær algebra

Undervisnings- og læringsformer

Forelesningar, øvingar og laboratoriearbeid.

Arbeidskrav

Abeidskrav 1: 3 labøvingar gjennomførde og godkjende. Dersom studenten har hatt eksamensrett i emnet tidlegare vert arbeidskrav 1 sett på som oppfylt.

Arbeidskrav 2: Vert spesifisert i undervisningsplan ved semesterstart. Dette arbeidskravet gjeld kun for første ordinære og etterfølgjande "ny" eksamen etter at det er godkjend. Dersom ein kandidat framstiller seg til ny ordinær eksamen og ikkje tidlegare har bestått, må arbeidskrav 2 gjerast på nytt.

Vurderingsform

Skriftleg eksamen, 5 timar

Gradert karakter A - E / F (stryk).

Hjelpemiddel ved eksamen

Enkel kalkulator: Godkjent kalkulator er Casio fx-82 (alle typer: ES, ES Plus, EX, Solar etc.)

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • MAS112 (1) - Dynamikk - Reduksjon: 4 studiepoeng
  • ING1104 (1) - Fysikk - Reduksjon: 10 studiepoeng
  • ING1004 (NET) - Fysikk - Reduksjon: 10 studiepoeng
  • INGB1038 (1) - Fysikk - Reduksjon: 10 studiepoeng
  • RE026 (5) - Fysikk - Reduksjon: 6 studiepoeng
  • RE026 (1) - Fysikk - Reduksjon: 6 studiepoeng
  • INGB038 (1) - Fysikk - Reduksjon: 10 studiepoeng
  • RØRKO1038 (1) - Fysikk - Reduksjon: 10 studiepoeng
  • ING1004 (1) - Fysikk - Reduksjon: 10 studiepoeng