ING171 Fysikk for brann-, HMS- og maskiningeniør

Emneplan for studieåret 2020/2021

På grunn av Covid-19 kan det skje endringar i emneplanar ved HVL studieåret 2020/2021. Endringar i den enkelte emneplanen vert publisert i Studentweb og Canvas, og når det er publisert endringar for eit emne der er det desse som gjeld, og ikkje emneplanen på nettsidene. Døme på endringar kan vere gjennomføring av praksis, eksamenstype, eller om det skal setjast bokstavkarakter eller bestått/ikkje bestått.

Innhald og oppbygging

Rørsle langs ei rett line, rørsle i rommet, Newtons lover, arbeid og energi, kollisjonar, rotasjonsrørsle og  spinnsats.

Læringsutbytte

Kunnskap

 Studenten kan gjere greie for:

  • Kinematikk i to og tre dimensjoner.
  • Strukturen til newtonske mekanikken.
  • Newtons lover og arbeid-energi-setninga for translasjons- og rotasjonsrørsle.
  • Bevaringslover som er nyttige i samband med kollisjonar for translasjons- og rotasjonsrørsle.
  • Krav som er knytt til bruk av dei ulike lovene og prinsippa.
  • Bruken av modellar og modellar sitt gyldigheitsområde.

Ferdigheiter

Studenten kan gjennomføra:

  • Berekningar basert på den newtonske mekanikken for translasjons- og rotasjonsrørsle.
  • Bruk av gode og tydelege skisser som del av oppgåveløysingar i mekanikk.
  • Laboratoriearbeid med samarbeid i gruppe og vitskapeleg rapportskriving.

Generell kompetanse

 Studenten kan:

  • Forklara fysiske problemstillingar og løysingsmetodar til andre, både skriftleg og munnleg,
  • Bruka verktøy frå fysikken til å finna svar på problemstillingar i andre teknologiske fag,
  • Gjenkjenna enkle fysiske lovmessigheiter slik dei kjem til uttrykk i komplisert teknologi.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

2FY / Fysikk 1

3MX / R2

MAT110

Undervisnings- og læringsformer

Forelesningar, øvingar og laboratoriearbeid.

Arbeidskrav

Abeidskrav 1: To labøvingar gjennomførde og godkjende. Dersom studenten har hatt eksamensrett i emnet tidlegare vert arbeidskrav 1 sett på som oppfylt.

Arbeidskrav 2: Tre testar. Dette arbeidskravet gjeld for 2 semester.

Arbeidskrav 3: To obligatoriske innleveringer. Dette arbeidskravet gjelder for 2 semester.  

Vurderingsform

Skriftleg eksamen, 3 timar.

Gradert karakter: A - E / F (stryk).

Hjelpemiddel ved eksamen

Enkel kalkulator: Godkjent kalkulator er Casio fx-82 (alle typer: ES, ES Plus, EX, Solar etc.)

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • ING1004 (1) - Fysikk - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • ING1030 (1) - Fysikk for elektro - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • ING1008 (1) - Fysikk - Reduksjon: 5 studiepoeng