ING2015 Materialar og tilverking
Emnebeskriving for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
Metalliske material sin molekylær- og gitterstruktur samt fasediagram. Materialars framstilling og eigenskapar. Korrosjon. Fastleikseigenskapar og testar, destruktive og ikkje-destruktive. Vidare støyping og plastisk bearbeiding. Sveising og skjærbrenning. Sponfråskillande bearbeiding, dreiing, fresing, boring og sliping. Laser- og vasskjæring. Automatisering og industrirobotar i tilverknadsprosessar.
Læringsutbytte
- Kunnskap:
Studenten:
- Har grunnleggjande kunnskap om fysiske og mekaniske eigenskapar og bruk og av metalliske material som konstruksjonsmaterial.
- Har kunnskap om ikkje-metalliske konstruksjonsmaterial
- Har grunnleggjande kunnskap om korrosjonsprosessar
- Kan gjere greie for ein del viktige formgjevings- og tilverkningsprosesser.
- Kan gjøre greie for effekten av temperatur og deformasjon på mekaniske eigenskapar på noen viktige konstruksjonsmaterialar.
- Ferdigheiter:
Studenten:
- Kan skilje mellom ulike metalliske legeringar og klassifisera desse etter dei fysiske og mekaniske eigenskapane deira og eigna formgjevingsprosess.
- Kan velje eit material ut frå ønska fysiske og mekaniske eigenskapar til det ferdige produktet.
- Kan velje ulike behandlings- og tilverkningsprosessar for å oppnå produktets spesifikasjonar, samt kvalitets- og toleransekrav.
- Generell kompetanse:
Studenten:
- Kan fastleggje ulike materialars mekaniske egenskapar ut i frå ulike testemetodar.
- Kan velje mellom ulike materialar, tilverkningsmetodar og formingsmekanismar ut ifrå industrielle krav til vara.
- Kan formidla kunnskap om materialar og tilverkning både skriftlig og munnleg.
- Har lært å arbeide saman i grupper og i praktiske prosjekt/lab.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Innføring i ingeniørfagleg yrkesutøving og arbeidsmetodar.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, rekne- og laboratorieøvingar.
Arbeidskrav
Ja (vert spesifisert i undervisningsplanen ved semesterstart).
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen, 4 timar
Gradert karakter A - E / F (stryk).
Hjelpemiddel ved eksamen
Enkel kalkulator: Godkjent kalkulator er Casio fx-82 (alle typar: ES, ES Plus, EX, Solar etc.)
Teknisk formelsamling (Pedersen, Gustavsen, Kaasa og Olsen) vert delt ut under eksamen.
Meir om hjelpemiddel