ING2048 Arbeidsmiljøet

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Studentane skal i emnet utvikle ei forståing for kva faktorar i arbeidsmiljøet som kan verke inn på arbeidstakarane si fysiske og psykiske helse og velferd.

Faktorane i emnet som blir gjennomgått, er:

  • psykososiale og organisatoriske faktorar
  • fysiske faktorar
  • kjemiske faktorar
  • biologiske faktorar
  • ergonomi og belastningslidingar, førebyggje og fylgje opp sjukefråvær
  • forureining og avfall knytt til det ytre miljøet

Emnet vil gje studentane kunnskapar til å kartleggje farar og problem i ei verksemd, vurdere risikoen og å setje i verk tiltak for å redusere risikoen.

Arbeidsmiljølova med forskrifter ligg til grunn for å vurdere om arbeidsmiljøet er i samsvar med lovkrava.

Læringsutbytte

Kunnskap:

Studenten skal ha kjennskap til:  

  • Viktige lover, forskrifter og rettleiingar.

 

Studenten skal ha kunnskap om:

  • Arbeidsmiljøloven sine krav og korleis desse skal ivaretakast.
  • Ulike faktorar i arbeidsmiljøet som representerer risikoforhold og helsefarlege eksponeringar.
  • Konsekvensar for arbeidstakaren si helse dersom han/ho vert utsett for uheldige fysiske og psykiske belastningar.
  • Det totale arbeidsmiljøet (psykososiale, organisatoriske, kjemiske, biologiske, fysiske og ergonomiske faktorar).
  • Korleis miljøet vert påverka av forureining og avfall.

 

Studenten skal kunne:

  • Kartlegge og risikovurdere arbeidsmiljøet i ei verksemd.
  • Vurdere om arbeidsmiljøet er i samsvar med krava i lovverket.
  • Foreslå tiltak for å redusere risikoen.

 

Ferdigheter:

  • Studenten kan planleggje og gjennomføre ei arbeidsmiljøkartlegging, og kan anvende ulike teoriar, prosessar og metodar for å vurdere faktorar i arbeidsmiljøet.

 

Generell kompetanse:

  • Studenten kan finne lover og krav som gjelder for ei verksemd.
  • Studenten kan forklare teori og omgrep på en enkel måte (skriftlig og munnleg).
  • Studenten kan utveksle synspunkt med fagfolk og delta i faglege diskusjonar.
  • Studenten kan skrive rapport frå ei arbeidsmiljøkartlegging.
  • Studenten har erfaring med laboratoriearbeid.
  • Studenten har erfaring med å jobbe i grupper.

Fagleg overlapping

  • SI074 (1) - Yrkeshygiene - Reduksjon: 6 studiepoeng
  • SI073 (5) - Toksikologi - Reduksjon: 6 studiepoeng
  • SI073 (1) - Toksikologi - Reduksjon: 6 studiepoeng
  • SI069 (5) - Biologiske arbeidsmiljøfaktorer - Reduksjon: 6 studiepoeng
  • SI069 (1) - Biologiske arbeidsmiljøfaktorer - Reduksjon: 6 studiepoeng
  • SI049 (5) - Arbeidsfysiologi - Reduksjon: 6 studiepoeng
  • SI049 (1) - Arbeidsfysiologi - Reduksjon: 6 studiepoeng
  • SI045 (1) - Forebyggende helsearbeid - Reduksjon: 6 studiepoeng
  • INGB081 (1) - Arbeidsmiljø - Reduksjon: 20 studiepoeng
  • INGB043 (1) - Forebyggende helsearbeid - Reduksjon: 6 studiepoeng
  • INGB029 (1) - Toksikologi - Reduksjon: 6 studiepoeng
  • INGB026 (1) - Biologiske arbeidsmiljøfaktorer - Reduksjon: 6 studiepoeng
  • INGB011 (1) - Yrkeshygiene - Reduksjon: 6 studiepoeng
  • ING2011 (1) - Arbeidsmiljø - Reduksjon: 20 studiepoeng
  • ING2039 (1) - Psykososialt/organisatorisk arbeidsmiljø - Reduksjon: 4 studiepoeng
  • ING2031 (1) - Arbeidsmiljø - Reduksjon: 16 studiepoeng