LU2-NOR415 Norsk 2b 5-10

Emnebeskriving for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Innleiing

I norsk 2B held ein fram med litteraturhistorie for 1900-talet. Dette kurset har elles fokus på samansette tekstar og skriveopplæringa. Studentane skal få innsikt i skriveteoriar og skriving som ein grunnleggjande ferdigheit i alle fag. Sakteksten og argumentasjon som ein viktig delferdigheit i skriving, vil vera vektlagt, og studentane skal få opplæring i skrivedidaktikk og skal prøva ut dette i eigen praksis. Studentane skal også analysera og vurdera samansette tekstar, og arbeidet med desse tekstane vil resultera i ei eksamensmappe. Det norske samfunnet er i ein multikulturell situasjon, og språket vårt og språkopplæringa er i endring. I tråd med dette vil norsk som andrespråk og sosiolingvistikk også vera viktige emne.

Fagleg innhald Norsk 2b, konkretisering av tema:

Studentane skal vurderast i bokmål og nynorsk i norskfaget. For fritak, sjå forskrift § 5.

Litteratur etter 1900: lyrikk, novelle, roman

Saktekstar etter 1900 med vekt på essay og artiklar

Samansette tekstar 

Vidareutvikling av elevars skriveferdigheiter

Skriving i alle fag 

Digitale ferdigheiter og rekning i norskfaget

Talemålsvariasjon, sosiolektar og ungdomsspråk 

Norsk som andrespråk 

Nabospråksdidaktikk

Læringsutbytte

- kunnskapar:

Studenten

  • har god litteraturhistorisk oversikt og kunnskapar om sentrale verk i norsk fiksjonslitteratur og sakprosa etter 1900 og kjennskap til teoriar om samansette tekstar
  • har god innsikt i talemålsvariasjonen i moderne norsk og historiske og lingvistiske endringsprosessar
  • har kjennskap til språk som ungdom bruker
  • har kunnskapar om andrespråkslæring
  • har utvida innsikt i korleis elevar på ungdomssteget kan vidareutvikle skriveferdigheitene sine, både elevar med norsk som førstespråk og norsk som andrespråk
  • har kunnskapar om kva som kjenneteiknar språkleg kommunikasjon i ulike medium
  • har kunnskap om kva som skjer når ein tekst vert overført frå eit medium til eit anna (adaptasjon)

- ferdigheiter:

Studenten

  • kan lesa, analysera, tolka og samanlikna tekstar med omsyn til innhald, form og funksjon, og setje dei inn i ein større kulturell og offentleg samanheng
  • kan setje i gang, rettleie og vurdere munnleg, skriftleg og samansett tekstproduksjon hos elevar på ungdomssteget og grunngi karakterane ein set
  • kan bruke kunnskap om talemål og skriftspråksnormering
  • kan leggje til rette og gjennomføre undervisning i den målforma som er sidemål for elevane
  • kan planleggje tilpassa undervisning til andrespråkseleven
  • kan skapa gode haldingar til språkleg variasjon i ein multikulturell kontekst
  • kan rettleie elevar i ulike former for munnleg og skriftleg argumentasjon
  • kan setje i gang, rettleie og vurdere munnleg, skriftleg og samansett tekstproduksjon hos elevar på ungdomssteget og grunngi karakterane ein set
  • kan bruke læreplanen i faget til å formulere mål for norskopplæringa og relevante kriterium for vurdering

- generell kompetanse:

Studenten

  • kan vurdere norskfaget og eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane
  • har innsikt i norskfaget ut frå forsking og i høve til fagets historie og kan reflektere kritisk og konstruktivt ut frå slike perspektiv på faget
  • kan rettleie elevar i arbeidet med tekstar slik at dei kan utvikle seg sjølve, skaffe seg kunnskapar og førebu seg for aktiv deltaking i offentlege rom og samfunnet som eit heile
  • kan sjå faget i eit større danningsperspektiv og undervisninga som ein del av opplæringa i eit aktivt deltakardemokrati

Krav til forkunnskapar

 Minimum 15 sp Norsk, eller Norsk 1a

Tilrådde forkunnskapar

Norsk 1 og Norsk 1b

Undervisnings- og læringsformer

Klasseromsundervisning; lærarstyrt og med studentaktivitetar. Presentasjonar og seminarinnlegg, munnlege og skriftlege oppgåver, individuelle og i grupper. Bruk av øvingsrom. Tekstskaping og -vurdering. Praksisoppgåver.

Undervisning er obligatorisk med krav til 80 % oppmøte

Arbeidskrav

  •  Godkjente obligatoriske oppgåver

Alle studiekrav spesifiseres i semesterplanen.

Vurderingsform

 Skriftleg eksamen og muntlig mappepresentasjon

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen hjelpemiddel tillatne på skriftleg eksamen, alle hjelpemiddel tillatne på mappepresentasjonen.

Fagleg overlapping

  • EVL-NORSK415 (1) - Norsk 2 5-10 - emne 2B - Reduksjon: 15 studiepoeng
  • LU2-NORSK315 (1) - Norsk 5-10 2a - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • LU1-NOR415 (1) - Norsk 2b 1-7 - Reduksjon: 10 studiepoeng
  • NORSK-2B (1) - Norsk 2B - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • NORSK-2A (1) - Norsk 2A - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • LU2-NORSK415 (1) - Norsk 5-10 2b - Reduksjon: 10 studiepoeng