NAB2052 Marint maskineri

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

 Grunnleggjande kunnskap om motoranlegg, og maskinromssystem innan teknisk skipsutstyr.

Læringsutbytte

 - Kunnskapar:

Studentane skal ha kjennskap til marine motorar si oppbygging og verkemåte. Dei skal ha kjennskap til dieselmotoren sine system og verta kjende med små, mellomstore og store dieselmotorar. Studentane skal ha kunnskap om drift av skip og motoranlegg, maskinar drivne av damp og gass, i tillegg til å ha kunnskap om kuldeanlegg og hydrauliske system.

- Ferdigheitar:

Studentane skal kunna utføra enkle bunkerskalkulasjonar, kuldetekniske berekningar og hydrauliske utrekningar.

- Generell kompetanse:

Studentane skal ha kjennskap til funksjonsprinsipp for skipsmaskineri og hjelpemaskineri på skip, i tillegg til allmenn kjennskap til tekniske uttrykk om skipsmaskineri på leiingsnivå skildra i regleverket STCW 78 as Amended, tabell A-II/2. Dei skal óg ha kjennskap til tryggingstiltak om bord som skildra i ISPS-koden.

Krav til forkunnskapar

 Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

 NAB1001 Fysikk, NAB2011 Varme og Straumningslære.

Undervisnings- og læringsformer

 Forelesingar, eventuelle ekskursjonar.

Arbeidskrav

 Skriftlege innleveringar (spesifiserast i semesterplan ved semesterstart).

Vurderingsform

Skriftleg eksamen, 3 timar, tel 100 % på endeleg karakter.

Gradert skala.

Hjelpemiddel ved eksamen

Høgskulen sin kalkulator(Texas TI 84) blir utdelt. Teknisk formelsamling med tabeller ved Svein Erik Pedersen, Jan Gustavsen, Svein Kaasa og Oddmund Olsen blir delt ut av høgskulen.

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • NAB3022 (1) - Drift av skip - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • NAB2005 (1) - Teknisk drift av skip - Reduksjon: 5 studiepoeng