SA600 Historie før 1700: Frå antikken til den vitskaplege revolusjonen

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Emnet gir ei oversikt over sentrale trekk ved den historiske utviklinga frå antikken til den vitskaplege revolusjonen (ca. 1700). Emnet er tematisk struklturert rundt ei inndeling i seks overordna kategoriar: nettverk og kommunikasjon, stat og imperiedanningar, økonomi og samfunn, religion og religiøse institusjonar, teknologi og vitskap, og klima og miljø. Emnet startar opp med å sjå på ulike måtar å organisere samfunn og den politiske utviklinga: frå dei eldste kulturane for så å gå over til dei greske bystatane og framveksten av romarriket. Nedgangen til romarriket førte til ei politisk fragmentering og meir ustabile politiske einingar tufta på personlege relasjonar. Frå desse førstatlege sambanda i tidleg mellomalder (ca.400-950) skjedde ei gradvis utvikling gjennom statsdanningsprosessar mot meir sentraliserte og komplekse einingar og innføring av einevelde. Den vitskaplege revolusjonen og den politiske, økonomiske, sosiale og kulturelle utviklinga i Europa blir sett i samanheng med utviklinga andre stader, som den muslimske verda, India og Kina. I samband med dette vert det særleg lagt vekt på kva kommunikasjonar og nettverk hadde å seie, frå antikke handelsnettverk, Silkevegen i mellomalderen til dei europeiske oppdagingane og ekspansjonen i tidleg nytid. I norsk historie vil det bli lagt vekt på overgangen frå eit hovdingsamfunn og fram mot ei sentralmakt og påfølgande unionar med Danmark og Sverige. Utviklinga i Noreg vert sett i høve til utviklinga på kontinentet både når det gjeld økonomiske, sosiale, politiske og kulturelle forhold.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten ....

  • har brei realhistorisk kunnskap om utviklinga frå dei eldste kulturane og fram til 1700, i norsk historie frå vikingtida og fram til og med etableringa av eineveldet
  • har kjennskap til ulike faglege perspektiv på perioden
  • har inngåande kjennskap til endringsprosessar i samfunnet over korte og lange tidsspenn
  • har kunnskap om økonomisk, vitskapleg og teknologisk utvikling, og om sosiale og kulturelle endringar over tid
  • kan gjere greie for den politiske, militære og administrative utviklinga i perioden
  • kan gjere greie for utviklinga innan jordbruk, handel, samfunn og religion i perioden
  • kan forklare drivkrefter bak og konsekvensar av den europeiske oversjøiske ekspansjonen og diskutere kulturmøte, sett frå ulike perspektiv

Ferdigheiter

Studenten ...

  • kan forklare korleis naturressursar og teknologisk utvikling har vore med på å forme tidlege samfunn
  • kan anvende, problematisere og reflektere over sentrale fagomgrep som brot og kontinuitet i historia
  • kan finne fram, vurdere og gjere seg nytte av historiske kjelder og relevant litteratur på ein kritisk og medviten måte
  • kjenner til korleis historikarar nyttar ulike modellar og omgrep for å forstå og forklare kvifor samfunn utvikla seg ulikt

Generell kompetanse

Studenten..

  • kan skrive tekstar om historiefaglege tema etter definerte vitskaplege kriterium basert på dei nyaste fagteoriane og problemstillingane
  • kan formidle sentralt historisk fagstoff munnleg i diskusjonar og presentasjonar
  • kan argumentere rasjonelt og logisk, i samsvar med vitskaplege kriterium
  • kan tenkje kritisk, langsiktig og heilskapleg

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Campusstudentar: Sjølvstudium, førelesingar, gruppearbeid, øvingsoppgåver, skriftlege innleveringar som blir kommenterte av faglærar og medstudentar, studentstyrte kollokviegrupper.

Nettstudentar: Sjølvstudium, førelesingar og gruppearbeid ved hjelp av nettkonferanseverktøy og diskusjonsforum, digitale læringsressursar som videoopptak/podcast, øvingsoppgåver, skriftlege innleveringar som blir kommenterte av faglærar og medstudentar, studentstyrte kollokviegrupper.

Arbeidskrav

1) Innlevering av skisseutkast av semesteroppgåve. Skissa skal innehalde problemstilling, referansar og litteraturliste.

2) Fleirvalstest (multiple choice) i heile pensum eller ein nærare definert del av pensum.

Arbeidskrav må blir vurderte til "godkjent" for å kunne gå opp til eksamen. Ved "ikkje godkjent" vil ein få ein ny sjanse.

Vurderingsform

Det er to deleksamenar på emnet:

1) Semesteroppgåve (80% av endeleg karakter). Oppgåva skal vere på mellom 2500 og 3000 ord (innhaldsliste og litteraturliste kjem i tillegg). Ved ikkje greidd kan semesteroppgåva leverast på nytt i redigert form påfølgjande semester.

2) Heimeeksamen, 2 timar (20% av endeleg karakter).

Båe eksamenar må vere greidd for å få karakter i emnet. Ved ikkje greidd på ein av delane, kan den delen som ikkje er greidd, bli tatt som ny eksamen. 

Karakterskala A-F der F svarar til ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle.

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • SA503 (1) - Frå antikken til den franske revolusjon. Verda fram til 1800 - Reduksjon: 10 studiepoeng