Barn som danser som en del av ung lærer prosjektet ved HVL

Ung lærar – langsiktig lærarrekruttering

Ung Lærar er eit gratis, komplett undervisningsopplegg knytt til faget utdanningsval på ungdomstrinnet. Ved å tenna den indre gløden hos den einskilde, vil fleire kunne ha læraryrket som eit alternativ når dei skal søkja høgare utdanning.

Målet er å inspirere fleire ungdommar til å vurdere læraryrket som framtidig utdannings- og yrkesval. I Ung Lærar står eleven og opplevinga i sentrum, dei får prøve seg i lærarrolla, oppleve meistring og sjå kva som ligg bak lærararbeidet.

To måtar å gjennomføre på

Ung Lærar kan tilpassast ulike skular og rammer:

  • Saman med lærarutdanninga: Elevane får ein dag på campus saman med lærarstudentar og ein dag der dei gjennomfører draumetimen på barneskulen.

  • På eigen skule: Elevane underviser yngre elevar på eigen eller nærliggande skule, med lærarane som mentorar.

Uansett variant er opplegget lagt opp slik at det blir trygt, pedagogisk solid og enkelt å ta i bruk.

Ung lærar er resultatet av eit samarbeid mellom Forum for oppvekst i Sunnhordland (FOS) og Høgskulen på Vestlandet (HVL) med eit mål om å auka rekrutteringa til lærarutdanningane.

 

Dette er Ung Lærar

Erfaringar med ung lærar

Ung lærar på Moster