Elevar som dansar

Ung lærar – langsiktig lærarrekruttering

«Ung lærar» tek utgangspunkt i at gode opplevingar er den mest effektive måten å inspirera fleire til å bli lærarar. Deltakarane får sjansen til å bli kjent med lærarrollen og skulen sin på ein heilt ny måte.

Målet med «Ung lærar» er å auka rekrutteringa til lærarutdanningane gjennom å gjera ungdommane meir medvitne om læraryrket og dermed i stand til å ta eit meir kvalifisert utdanningsval når tida kjem. Foruten målet om fleire lærarar, kan ein få fleire motiverte studentar og redusera fråfallet både frå lærarutdanninga og dei første åra i yrket.

«Ung lærar» vil kunne inspirera dei som allereie vurderer læraryrket, dei som oppdagar at dei har pedagogisk talent og interesse og kan òg ha ein viktig funksjon som dei som innser at de ikkje vil bli lærarar.

Todagarsopplegget «Ung lærar» er utvikla i eit  samarbeid mellom store deler av utdanningsverdikjeda og er retta mot ungdom på 10. trinn. I trygge pedagogiske rammer i faget utdanningsval, får dei ein unik innsikt i lærarrolla, komma på innsida av skulen sin og ikkje minst laga ein draumetime for ein barneskuleklasse.

«Ung lærar» treff ungdomsskuleelevar med heilt ulike føresetnader på ein god og inkluderande måte. Den set òg eit spesielt fokus på lærarrollen som gjer at òg dei kan sjå på seg sjølv på ein annan måte, spesielt lærarane til ungdommane som er deltakarar i opplegget.

Me trur ein bieffekt av «Ung lærar» er at det kan gje eit betre klima i mange klasserom, av di elevane betre forstår kva som ligg bak kvar time og adferden til læraren sin. Samstundes kan det knyta dei unge generasjonane tettare saman i lokalsamfunnet.

«Ung lærar» vil ha størst effekt der det nyttast i samarbeid med ein lærarutdanningsinstitusjon, men vil òg ha skreddarsydde opplegg for sjølvstendig ungdomsskular utan den moglegheiten. Det vert tilrettelagt  ressursar og materiale, som gjer det enkelt for ein lærar å komma i gang.

For lærarutdanningsinstitusjonen vil «Ung lærar» integrerast i eigen utdanning som td eit arbeidskrav. Dei same lærarstudentane nyttast som mentorar for ungdomsskuleelevane i gjennomføringa. Dei er unge og eignar seg godt som førebilete for ungdommane, og får òg moglegheiten til å sjå på seg sjølv og eigen lærargjerning med andre brille enn elles.

«Ung lærar» er i slutten av sin pilotfase, og no konsentrer arbeidet seg om ferdigstilling av konseptet og tilrettelegging av ressursar til støtte for vidare utrulling. «Ung lærar» får ein effekt først når flest mogleg ungdomsskular tek det i bruk og flest mogleg elevar får gode opplevingar knytt til læraryrket.


Ung lærar på Moster