- Barn treng å lære om smak på heilt nye måtar

I skulen og barnehagen har den matfaglege utdanninga hatt eit rigid fokus på helse. No har ei forskargruppe på HVL fått 12 millionar frå Forskingsrådet til å utvikle nye måtar å lære opp barn til å ta gode val i matvegen.

Kva er sunt, og kva er usunt?

Kva likar eg, og kva likar eg ikkje?

Er maten sur, salt, søt eller sterk?

På slike måtar har vi vore vane med å snakke om mat. Men desse omgrepa er så fattige i møte med ei kompleks oppleving som smak, meiner forskarane Eli Kristin Aadland og Hege Wergedahl: Smak er så mykje meir. Den kan for eksempel handle om omsorg – er måltidet laga med kjærleik? Den kan handle om kva smak som er trendy, eller moralske aspekt ved måltidet. Den kan handle om nærleik til naturen – korleis er det vi har på fatet dyrka fram? Og den kan handle om etiske dimensjonar. Tek vi vare på oss sjølv og planeten gjennom maten vi lagar?

Minne, kjensler, fellesskap

- Vi sansar maten med det fysiologiske systemet vårt. Men vi smaker den gjennom det psykiske systemet, og deler smaksopplevingane med andre i det sosiale systemet, seier Aadland, som er prosjektleiar for TASTE Didactics – Food and Critical Thinking.

- Det fysiologiske handlar om det reint naturfaglege: smaksløkar, surt, søtt, salt. Men for å smake må vi også ha med psyken. Dette handlar til dømes om korleis maten blir opplevd, om minne og kjensler. Om kven vi delar maten med, og korleis vi snakkar om den.

Prosjektet TASTE skal gå føre seg over fire år og er todelt i strukturen. Forskarane skal ut i skulane og barnehagane og undersøke korleis barn lærer om smak, refleksjon og smakskompetanse i dag. Sidan skal dei lage eit undervisningsopplegg for både skule og barnehage. Dei kjem til å analysere situasjonen i Noreg og Danmark parallelt.

Med i prosjektet har dei også professor Karen Wistoft frå Aarhus Universitet, tidlegare professor 2 ved HVL. Ho har forska mykje på smak, og forskargruppa kjem til å bruke hennar teoriar om smaksdimensjonar i prosjektet.

Vekk frå oppskriftstenkinga

I skulesystemet hittil har mat- og helseundervisninga blitt prega mykje av ein instruerande kultur. Elevane får ei oppskrift og skal lære seg å følgje den, og er ikkje vane med å avvike frå den.

- Vi må ha mindre fokus på  oppskriftstenkinga, og få inn meir kreativitet og reflekterte val, seier Aadland.

Aadland og Wergedahl vil utvikle undervisningsopplegg som rustar barn  til å klare å ta sine eigne matval, basert på verdiar som berekraft, helse, smaksforståing og smaksglede. Då kan barn bli endringsagentar i ei verd som sårt treng meir kritisk tenking kring mat. Vidare kan dei også påverke foreldre og omgangsvener til å ta betre val.

Det psykologiske og det sosiale

I TASTE snakkar forskarane om tre dimensjonar i smaksopplevingar: den fysiologiske, den psykologiske og den sosiale. Dei siste to kategoriane har vore oversett i norsk opplæringsmodell. Men no har det komme inn ein ny tankegang i Læreplan for grunnskulen.

Der står det mellom anna for mat- og helsefaget: Elevane skal kritisk vurdere informasjonen om matproduktet og diskutere korleis forbrukarmakta kan påverke global og lokal matproduksjon. Dei skal bruke sansane til å vurdere kvalitetane på matvarene. Dei skal òg diskutere korleis smak kan påverke matpreferanse og matval.

Alt dette er Wergedahl og Aadland opptekne av å legge til rette for gjennom utviklinga av eit nytt undervisningsopplegg.

- Vi vil trekkje dette ned i barnehagen også. Også der må vi få inn den utvida forståinga av kva smak faktisk er, seier Wergedahl.

- Fokus hittil har vore mest på å lære barna kva som er riktig eller gale når det gjeld mat. Vi vil i staden at vala dei tek, skal komme innanfrå.

Om forskinga ved Høgskulen på Vestlandet

  • Høgskulen på Vestlandet utviklar ny kunnskap som bidreg til å løyse utfordringar i samfunnet i eit berekraftig perspektiv.
  • Forskingsverksemda skjer i eit regionalt, nasjonalt og internasjonalt forskarfellesskap, og studentar og samarbeidspartnarar blir involvert.
  • Høgskulen på Vestlandet har seks satsingsområde i forskinga: Ansvarleg innovasjon, Berekraftig energi og miljø, datateknologi, folkehelse, hav, og skaping leik og læring. Les meir om forskinga ved HVL på denne nettsida