– Eg har godt av å utfordre meg sjølv

Håkon Eidsvåg er HVL sin kandidat til Forskar Grand Prix, og skal forklare publikum korleis ein kan produsere hydrogen gjennom å splitte vatnmolekyl.

Håkon er stipendiat ved Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag og doktorgradsprosjektet hans går ut på å gjere kvantesimuleringar av nanomaterial som kan bli brukt til å produsere hydrogen direkte frå sollys og vatn. På fire minutt skal han både opplyse og fengje publikum og dommarpanel når Forskar Grand Prix går av stabelen i Bergen 1. oktober.

Ei anna form for forskingsformidling

Sjølv melde han seg på Forskar Grand Prix nettopp fordi han ikkje likar seg så godt på scena, og tenkte at han derfor kunne ha godt av å utfordre seg sjølv. Han vart dessutan oppfordra frå fleire hald.

Korleis er det å skulle forklare noko vitskapleg komplekst og komplisert for eit uinnvigd publikum?

– Spennande og vanskeleg, men og ei veldig gøy utfordring. Og eg kan vel si – utan å fornærme veldig mange fysikarar og realistar, - at generelt så er vi dårlege på forskingsformidling. Så eg syns det er gøy at utfordre meg sjølv på det. Det er og ein viktig del av forskinga. Viss folk ikkje forstår det vi gjer så er det jo ingen som vil gi oss pengar til forskinga.

Hydrogen som konkurransedyktig energikjelde

Hydrogen er det grunnstoffet som det finst mest av i verda. Så kvifor snakkar ein da om ein komplisert prosess for å produsera hydrogen?

– Hydrogen er veldig reaktivt. Det betyr at det reagerer veldig lett med andre stoff. Derfor fins det veldig lite reint hydrogen. Nesten alt hydrogen på jorda er i vatn, H2O, bunde fast i vatnmolekyl saman med oksygen. Det er derfor vi snakkar om vatnsplitting – vi tilfører energi slik at vi kan dra hydrogenet vekk frå oksygenet. Det er på ein måte som eit tau som bind dei to saman, og viss ein drar hardt nok så bryt ein over det tauet og sit igjen med oksygen og hydrogen kvar for seg.

Denne måten å produsere hydrogen på gir oss såkalla grønt hydrogen. Kjenneteiknet til grønt hydrogen er at det er vert laga ved elektrolyse – ein kjemisk reaksjon drive av straum, og i Håkon sitt tilfelle frå fornybar solenergi.

Håkon brukar blant anna den såkalla Schrödinger-ligninga for å gjere avanserte utrekningar som kan gi svar på kva type materiale ein bør bruke for å gjere prosessen med splitting av vatnmolekyl mest mogleg effektiv. Dette er avgjerande for at hydrogen skal kunne bli ei konkurransedyktig energikjelde.

– Vi treng meir energi i samfunnet, og vi treng fornybar energi. Sol- og vindenergi er og gode kjelder, men dei har og sine avgrensingar - på natta har vi ikkje sol, og for å få vindenergi er vi avhengig av at det bles.

Ein fordel med hydrogen er at energien kan bli lagra og brukt seinare, vi har meir kontroll på energien og dermed og på energiprisane. Særleg innan skipsfart og langtransport er det stort potensiale for å nytte hydrogen som energikjelde.

Coaching og teatersport

Ein del av konseptet Forskar Grand Prix er at deltakarene skal få profesjonell rettleiing og coaching både i korleis ein byggjer opp presentasjonen og korleis ein formidlar dette frå ei scene.

– Eg har gode coachar – som i mitt fall heldigvis ikkje skjønar kva eg snakkar om, så dei er jo sånn sett utmerkte prøvekaninar. Dersom [MS1] eg kan få dei til å forstå kva eg pratar om så er det ein god sjanse for at eg kan forklare det til andre og.

At han har undervist mykje og for ulike grupper trur Håkon kjem godt med når han skal konkurrere i Forskar Grand Prix. Han har tidlegare undervist både vidaregåande elevar og grunnstudentar og i vår underviste han livslang læring-studentar frå blant anna Sjøfartsdirektoratet og olje- og gassnæringa i hydrogenteknologi. Dette har gitt han trening i å presentere og forklare ulike fagfelt for folk med ulike føresetnader.

Medan ein coach rettleiar på innhald i manus og oppbygging av presentasjonen, er den andre coachen utdanna innan teatersport og skal hjelpe deltakarane i å finne seg sjølv på scenen og gjere ein god framføring.

Håkon fortel at han som ein roleg og tilbakehalden person har måtte leggje ned ekstra innsats for å bli komfortabel på scena. No om dagen går han rundt med si eiga stemme på øyra – noko han syns er ganske smertefullt - for å høyre kor og kva han bør endre i manus.  

Kven er den beste formidlaren?

Hald av datoen: fredag 1. oktober blir det heile avgjort.

Ti kandidatar skal på fire minutt overtyda dommarar og publikum om at dei er den beste til å formidle fagfeltet sitt. Av dei kjem tre vidare til finalen, kor dei får fire nye minutt til å gå meir i djupa på prosjektet.

Kor mange som får vere til stades i Grand Selskapslokale avheng av FHI og Bergen kommune, men arrangementet vert i tillegg strøyma slik at alle kan få det med seg – og røyste på sin favoritt. Det er nemleg ein blanding av røyster frå publikum og domarane si meining som avgjer. Av dei tre finalistane vert det kåra ein vinnar. Normalt blir vinnaren sendt vidare som kandidat til den nasjonale finalen, men av koronaomsyn vert det dessverre ingen nasjonal finale i år.

Her kan du halde deg oppdatert på arrangementet og bli kjent med årets kandidatar.

HVL heiar på deg, Håkon! Lukke til!