1 million til studentprosjekt

Mats Kleppe har nyleg fått 1 million kroner frå Forskningsrådet for å vidareutvikle eit produkt han har utvikla som student ved HVL.

- Prosjektet starta for nokre år tilbake då eg tok en bachelorgrad i maskin- og marinfag på HVL. Saman med min kollega Ole Asgeir Svenheim såg vi ei molegheit til å utvikle eit produkt basert på vår felles interesse for jakt. Sidan begge har erfaring og kompetanse innan maskineringsfaget fall valet på lyddemperar for jaktrifle, fortel den glade vinneren av milliontildelinga. 

Ny teknologi skal gi betre lyddemping

For ein jeger er det fleire problem ein lyddempar skal løyse, mellom anna demping av lyd, redusere rekyl og stikkflammer. I tillegg er det ønskeleg at demparen er så lett og liten som mogleg. Det gjer det enklare for jegeren å bevege seg i terrenget og samtidig påvirke balansen i våpenet minst mogleg.

- Det viktigaste er demping av sjølve lyden, og det er her den nye teknologien vil gi ei vesentlig forbedring samanlikna med dagens løysingar, forklarer Mats Kleppe. 

Lyddemparane skal utviklast med bakgrunn i praktisk og teoretisk ingeniørfagleg kompetanse opparbeida frå industri og akademia. Høgskulen på Vestlandet vil bidra med spesialkompetanse innanfor materialteknologi for å realisere den tekniske løysinga. VIS bistår med kompetanse på nettbasert markedsføring nasjonalt og internasjonalt.

Kombinerer jaktinteresse med maskinering og produkutvikling  

Kvifor ville du utvikle akkurat dette? 

- Det har heile tida vore viktig å finne eit prosjekt kor ein kan kombinere fagleg kompetanse med interesser og hobbyar. Å vere gründer inneber veldig mykje dugnadsarbeid og lange dagar. Difor er det viktig å finne noko ein synest er gøy å jobbe med. Interessa for maskinering og produktvikling har alltid vore der. Å kunne kombinerer dette med interessa for jakt var eit mål for både meg og Ole Asgeir, fortel Mats. 

Vil skape ei vekstbedrift med nye arbeidsplassar

Med tilskotet frå Forskningsrådet har dei fått moglegheita til å realisere prosjektet og få eit ferdigstilt produkt klart til marknaden.

Millionen kjem gjennom ordninga STUD-ENT som er Forskningsrådet si satsing for å støtte oppunder dei mest lovande studentidéane, styrke gjennomføringsevna til prosjekta, og fremje studenter som rollemodellar for entreprenørskapskultur.

- Vi skal no bruke tida godt for å komme i mål med prosjektet og få ei ny bedrift opp å gå. Målet er å skape ei vekstbedrift som er i stadig utvikling og som kan skape nye arbeidsplassar, seier Mats. 

Utdanninga styrker gjenomføringsevna

Etter fullført bachelorgrad som maskiningeniør, starta Mats på ein mastergrad i innovasjon og entreprenørskap ved HVL for å auke eigen kompetanse på det å starte eiga bedrift. 

- Prosjekter har utvikla seg undervegs i masterløpet mitt. Eg har hatt veldig nytte av ulike fag, spesielt praksisfaga kor ein får testa både idéar og eigen kompetanse i verkelegheita. Det tverrfaglege tilbodet der ein kombinerer teknologi med det å starte opp eiga bedrift har vore svært nyttig. Eg har kunne kombinert mi interesse for konstruksjon og materialteknologi med bedriftsøkonomi og digital markedsføring.

Han anbefaler masteren varmt til andre bachelorstudenter som ønskjer å gå eit masterløp, som og vil lære mer om det å jobbe med innovasjonsprosjekt og oppstart av eiga bedrift. 

Viktig for satsinga på studententrprenørskap

Øyvind Midtbø Berge er leiar for HVL si studententreprenørskapssatsing HVL Skape. Han synest det er svært gledeleg å sjå at eit HVL-prosjekt nok ein gang når opp i den tøffe konkurransen om midlar frå Forskningsrådets STUD-ENT-ordning. 

- STUD-ENT-ordninga er eit sentralt virkemiddel i vår satsing HVL Skape. Ordninga støttar oppunder måten vi ønskjer å jobbe med innovasjon og entreprenørskap på blant studentane våre.

Føresetnaden for å få prosjektstøtte i dagens ordning er at prosjektet er forankra i ein utdanningsinstitusjon, og at studentane har fullført mastergraden sin.

- På den måten blir studentane oppfordra til å fullføre studia sine. Dette meiner vi gir betre idéar, større sjanse for å lukkast, og sikrar at studentane har en utdanning å falle tilbake på, kommenterer Berge.  

Mange å takke

Mats Kleppe har ei lang liste over folk han vil takke for hjelpa han har fått undervegs. 

- Eg ønskjer å takke Øystein Høvig som er rettleiar på masteroppgåva mi, og til mentor Ragnar Gjengedal ved Institutt for maskin- og marinfag ved Høgskulen på Vestlandet. Fra HVL Skape-teamet har Tom Hiis Bergh, Rebekka Louise Armstrong Fretheim og Svein Gunnar Sjøtun bidrege i søknadsskrivinga til Forskningsrådet. Eg vil også takke VIS for deira gode rådgjeving. Dei har god erfaring med slike søknader, og var gode sparringspartnarar undervegs i prosessen, avsluttar han.

Tidlegare tildelingar frå Forskingsrådet til studentprosjekt ved HVL: