12 mill til FUTURED – forsking på musikklærarutdanning

Korleis skal framtidas musikklærarutdanning vere? Det skal professor Catharina Christophersen forske på i tida framover. Studentane blir viktige aktørar i dette aksjonsforskingsprosjektet.

Digitalisering av musikk, mangfaldet i skulen – musikkfaget i grunnskulelærarutdanninga må bli flinkare til i å inn over seg endringane i samfunnet, meiner professor Catharina Christophersen. Dette er utgangspunktet for forskingsprosjektet FUTURED som går i gong til hausten.

Prosjektet har finansiering frå Noregs forskingsråd, og er forankra i forskargruppa «Culture, Criticism, Community» innafor det strategiske forskingsprogrammet «Kunst, kreativitet og kulturelle praksisar»

– Utviklinga av musikkfaget har ofte vore prega av ein «add and stir»-framgangsmetode. Ein tilfører nytt innhald – populærmusikk og nye musikkstilar – men det blir ikkje nødvendigvis noko nytt, seier Christophersen.

Musikklærarstudentane er truleg ei nokså homogen gruppe, ifølge prosjektleiaren, medan elevane i skulen ikkje er det.

– Om vi ikkje tar mangfaldet i samfunnet inn i utdanninga – vil studentane då vere rusta til å takle det? undrar ho.

Studentane får meir definisjonsmakt

For å kome fram til endringar, må ein først seie noko om status. Derfor skal forskarane mellom anna sjå på korleis studentane som tar grunnskulelærarutdanning med musikk opplever faget. Kva bakgrunn har dei? Kva vil dei? Kva for ambisjonar har dei for yrkeslivet?

Tradisjonen meister-lærling står sterkt i musikkfaget, fortel Christophersen. Meisteren viser, lærlingen gjentek. Dette skal dei eksperimentere med i prosjektet ved at studentane mellom anna får vere med på å utvikle sitt eiget pensum.

– Teoriar om «public pedagogy» vektlegg tanken om at lærlingen – eller i dette høvet studenten – allereie kan mykje, og at store delar av denne kunnskapen er tileigna utanfor institusjonane, og gjerne i populærkulturell samanheng. Eit slikt perspektiv snur dermed på vante oppfatningar av ekspertise i utdanningssamanheng, seier ho.

– Det er jo ikkje heilt uproblematisk. Kanskje vi vil kome til å møte oss sjølv i døra, legg ho til.

Samarbeid mellom lærarar og kunstnarar

Vurderingsformene i musikkfaget er også eit tema. Korleis skal ein vurdere studentane sine evner til kritisk refleksjon og handlingsberedskap? Mykje av undervisninga er dessutan styrt av mål som er bestemt på førehand. Kva går ein då glipp av?

Eit anna forskingsspørsmål er knytt til korleis ein kan førebu studentane på framtidig multiprofesjonelt samarbeid i klasserommet, til dømes knytt til musikar- og lærarsamarbeid gjennom Den kulturelle skulesekken.

– Om slike tiltak skal vere ein vesentleg del av musikkundervisninga i skulen, må lærarane ta meir eigarskap til det. Ein kan ikkje berre ta i mot og vere takknemleg, seier Christophersen.

Skal tilsette fleire

FUTURED er eit aksjonsforskingsprosjekt. Det vil seie at resultata kjem som følgje av praktisk utprøving.

– Vi anar ikkje kva som vil kome ut av dette. Det ligg i aksjonsforskingas natur – ein prøver ut noko, ser kva som skjer, justerer og prøver det ut ein gong til. Målet er å få til ei endring, seier Christophersen.

Det er fleire HVL-tilsette som skal vere med i prosjektet: senterleiar/førsteamanuensis Silje Valde Onsrud, førsteamanuensis Kari Holdhus og professor II Viv Ellis. I tillegg skal dei tilsette ein stipendiat, ein post.doc og ein musikar.

Prosjektet involverer også fleire eksterne gjesteforskarar og representantar frå praksisfeltet. Tre forskarar frå OsloMet er også med, dermed er det to av dei største lærarutdanningsmiljøa i Noreg som står bak forskinga.