Masteroppgåve blir utgangspunktet for områdeutvikling

Dei to masterstudentane Kjersti Vistnes og Linn Rydningen la i fjor planar for korleis Bømlo kommune bør utvikle tettstaden Mosterhamn. No går kommunen vidare med ideane deira.

I fjor leverte Kjersti Vistnes og Linn Rydningen masteroppgåva og blei såleis uteksaminerte arealplanleggarar. I oppgåva har dei planlagt utviklinga av nærmiljøet i Mosterhamn, slik at folkehelsa i nærmiljøet blir best mogleg. 

Det var ordføraren i Bømlo kommune, Odd Harald Hovland (Ap), som sjølv tok kontakt med HVL i samband med oppgåva. Han spurde om nokre av våre masterstudentar ville legge planar for tettstaden Mosterhamn. Linn og Kjersti ville ta på seg oppgåva, sidan dei begge hadde kjennskap til staden frå før.

- Det var ekstra spennande å jobbe med oppgåva fordi vi kunne vere med og påverke. I bakhovudet tenkte vi heile tida på at dette faktisk kunne bli noko av, og det hjelper jo også på CV-en at vi har vore med og påverka utad, seier Vistnes.

Ekstra sensor

Dei to studentane byrja å samle inn data gjennom Facebookgruppa «Mosterhamn». I tillegg fekk dei data som Nærmiljøprosjektet i Hordaland tidlegare hadde samla inn. I Facebookgruppa spurde dei innbyggarane om tankar og meiningar, og dei fekk inn i underkant av 200 svar. Etter kartlegginga byrja dei planlegginga og laga teikningar for ulike delar av området.

- Dei som budde i Mosterhamn var på ein måte ekstra sensorar. Meiningane deira låg konstant i bakhovudet. Når oppgåva var ferdig, var vi like spente på korleis dei ville reagere, fortel Vistnes.

No har Rydningen og Vistnes fått beskjed om at kommunen skal gå vidare med nokre av ideane deira i arbeidet med å utvikle Mosterhamn. Framlegga frå oppgåva blei presentert på eit folkemøte, og dei utgjer ein del av grunnlaget for det vidare arbeidet med reguleringsplanane for Moster amfi og Mosterhamn sentrum.

- Det var eit ønske frå kommunen om å jobbe med områdeutviklinga av Mosterhamn. Tettstaden har cirka 1390 innbyggarar. Gjennom spørjeundersøkinga fann studentane fram til innbyggarane sine behov. I planteikninga har dei fått inn fleire plantar, benkar, aktivitetsområde og kafé (sjå bildet).

Brukarmedvernad frå dag ein

I slutten av april framførte dei to tidlegare masterstudentane ved Areal og eigedom oppgåva si mellom anna for Hordaland fylkeskommune. Oppgåva var ein del av eit nasjonalt prosjekt som i april blei avslutta med konferansen «Gode nærmiljø for alle - gjennom brei medverknad i planlegging», på HVL Bergen.

Prosjektet har spesielt handla om brukarmedverknad i nærmiljøa i Hordaland fylke. Rydningen fortel at brukarmedverknad er lovpålagt, men det nye med prosjektet er at medverknaden starta allereie før prosessen byrja, og meir enn det normalen tilseier.

- Frå masteroppgåva har eg lært at det er ein fordel å gå litt bort frå ovanfrå- og ned-analysane. Du må bli kjent med staden sosialt. Det er også utfordrande å nytte medverknad, fordi du må finne ein god balanse mellom det å vere masterstudent, gi etter for ønska til folk og det å vere vågal.

- I tillegg må du framstille prosjektet slik at privatpersonar forstår kva som skjer med eige nærmiljø, fortel Vistnes, i dag plan- og byggesaksbehandlar for Sokndal kommune.

- Vi var heldige fordi dei i Mosterhamn var veldig engasjerte, seier Rydningen.

Naudsynt med juss

Begge ønskte å studere Areal og eigedom ved HVL Bergen fordi dei hadde interesse for eigedom og plan. Rydningen gjekk allereie på byggingeniør ved HVL då ho søkte master, og Vistnes hadde gått geologi ved Universitetet i Bergen.

- Eg las om faga og tenkte at det passe godt til det eg ønskte å få jobb i. Faga var svært forskjellige, alt frå jussfag til arealøkonomi. Eg tenkte dei ville ha nytteverdi i arbeidslivet, seier Rydningen, som i dag jobbar for AT Plan & Arkitektur.