
Begeistra statsråden med studentjobb-prosjekt
Ingeniørstudentane Isak Tolo og Anders Herstad har fått seg relevant deltidsjobb gjennom prosjektet «studentjobb» i Førde. I dag fortalte dei om sine erfaringar til forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim.
-Dette burde jo bli ein nasjonal modell for korleis studentar kan få relevant jobberfaring mens dei studerar, sa statsråden begeistra då han besøkte Førde.
«Studentjobb» er eit samarbeid mellom Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Sunnfjord Utvikling og Høgskulen på Vestlandet. Så langt er 17 bedrifter med og tilbyr løna relevant erfaring for studentar som går på teknologiutdanning i Førde. Studentjobb-programmet gjer at du kan både spe på inntektene og bygge på CV-en frå første dag som student i Førde.
-Det er bra å få ein prøvesmak på arbeidslivet mens ein studerar slik at ein veit litt meir kva ein går til når studiane er ferdig, seier Anders Herstad.
Han skal snart starte på tredje året i automatisering med robotikk og har hatt studentjobb i Enivest sidan februar. Til hausten går han vidare med studentjobb i Evoy.
Får praktisert pensum
«Studentjobb» vart lansert i haust og Førde er førebels einaste stad i landet med ei slik ordning. Ideen kjem frå Danmark.
-Å ha relevant studentjobb ved sidan av studiene er kjekt. Det gjer at eg får praktisert pensum og prøvd ut verktøy frå studiesituasjonen, seier Isak Tolo som er student på byggingeniør og har studentjobb i Fjordane Engineering.
-Det at studentane får fagutfordringar som dei meistrar i bedriftene vil styrke motivasjonen for studiet. Det gjer og til at dei identifiserer seg med fagfeltet, seier assisterande instituttleiar for datateknologi, elektroteknologi og realfag Eli Nummedal.
Prorektor for utdanning Anne-Grethe Naustdal, syns det er kjekt at statsråden lar seg begeistre av prosjektet.
-Å jobbe på denne måten er heilt i tråd med den nasjonale satsinga på meir arbeidslivsrelevans i høgare utdanning, og ikkje minst i bygginga av det nye profesjons og arbeidslivsretta Universitetet på Vestlandet, seier ho.
Styrker Førde som studiestad
Dei fleste stillingane er på 25-50 prosent slik at dei ikkje er til hinder for studieprogresjonen. Løn, arbeidstid og -oppgåver vert avtalt direkte med arbeidsgjevar.
-«Studentjobb» gjev Førde som studiestad ein unik kvalitet. Målsettinga er at alle studentar i Førde som ønskjer det, skal få tilbod om Studentjobb, seier Pål Fidjestøl i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane støttar prosjektet med 500 000 kroner, med midlar frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane. Sunnfjord Utvikling har hatt prosjektleiaransvaret og rekruttert bedrifter til ordninga.