Boksane vi skal inn i

Sist i september skal styret vedta instituttstrukturen i HVL. Vi ligg an til å få 15–17 institutt med svært varierande storleik.

– Desse strukturane er viktige, for dei handlar om identiteten til dei fagtilsette i den nye organisasjonen. Kor høyrer eg heime, og kven skal leie meg? Desse spørsmåla er avgjerande for kjensla av å høyre til, og dermed også motivasjonen til den enkelte fagpersonen, seier Wiggo Hustad, leiar for OU-programmet.

Den siste tida har dei påtroppande fakultetsdekanane og dei sitjande dekanane hatt ei krevjande oppgåve å løyse: å finne fram til ein instituttstruktur for dei nye fakulteta som støttar opp om utdanningane dei skal tilby.

I prosessen med å avklare dette, har dekanane måtta balansere mellom prinsippa for fagleg organisering som styret la til grunn, og ønska frå fagmiljøa sjølve. Undervegs har dei hatt tett kontakt med sine tilsette og lagt til rette for at studentar kan komme med innspel.

To store og to små

I den faglege organiseringa meinte styret at desse fire prinsippa var viktige å følgje: 

  • Institutta skulle vere store
  • Dei skulle vere organiserte på tvers av campusane
  • Dei skulle vere organiserte etter utdanningar, med studenten i sentrum
  • Alle fagmiljøa skulle vere solide nok til å kunne bere ein mastergrad

Då styret gjekk inn for å dele opp fagmiljøet ved HVL i fire fakultet av varierande storleik, heller enn tre store fakultet som var forslaget frå prosjektgruppa, blei desse prinsippa vanskelegare å følgje. Det blei klart at høgskulen ville ende opp med ulike storleikar og organisasjonsmåtar innanfor dei ulike fagmiljøa.

– På den eine sida har vi dei to store fakulteta: helse- og sosialfag og lærarutdanning, kultur og idrett. På den andre sida har vi dei to mindre: økonomi og samfunnsvitskap og ingeniør og naturfag. Det går eit tydeleg skilje der, seier Gunn Haraldseid, leiar for OU-prosjektet om fagleg organisering.

Det største fakultetet – lærarutdanning, kultur og idrett – vil ha kring 500 tilsette, medan det minste – økonomi og samfunnsvitskap – vil ha kring 120 tilsette. Dermed må det tenkjast annleis når innhaldet i desse to fakulteta skal organiserast.

– Samstundes må vi hugse på at uansett kva skott vi lagar på instituttnivå, må vi alle jobbe mot å samarbeide meir og meir på tvers, seier Hustad.

Trauste og trygge val

Viss Hustad skal karakterisere vala dei HVL-tilsette har gjort i denne prosessen, meiner han dei stort sett har gått for det trauste og trygge. Dei fleste har villa halde seg til sine noverande faglege identitetar, og ikkje vore klare til å eksperimentere altfor mykje med nye identitetar og fantasifulle faglege samansetningar.

– Det er fullt forståeleg! Folk har ikkje hatt lyst til å bli veldig mykje meir tverrfaglege i denne omgangen – dei har hatt meir enn nok med å skulle samarbeide med så mange fleire og geografisk spreidde kollegaer, seier Hustad.

– Når vi introduserer den typen utryggheit, hadde det å rote med fagleg identitet nok blitt for mykje. Slik det er no, får vi eit solid fundament å sparke ifrå når vi går inn i det nye – noko folk føler er kjent og naturleg.

Problemstillingane undervegs

Undervegs i prosessen med fagleg organisering, har fakulteta hatt mange dilemma. Diskusjonen på lærarutdanning, kultur og idrett, har gått på om institutta skulle følgje utdanningane eller disiplinfaga. Stord og Bergen har vore organiserte etter disiplinane, og det var også dette organiseringsprinsippet som fekk gjennomslag til slutt.

For å setje studenten meir i sentrum, blei dette kompensert med eit forslag om at fakultetet også får leiarar for dei forskjellige utdanningane, i tillegg til disiplinorienterte instituttleiarar.

Ved dei to mindre fakulteta har hovuddilemmaet vore at mange av faggruppene ikkje fann naturlege samarbeidspartnarar, og at det dermed låg an til ein nokså fragmentert struktur. Til dømes har samfunnsfag og nautiske fag ivra for å få vere aleine, sjølv om institutta då blei veldig små, med kring 20 tilsette kvar.

Både Fakultetet for økonomi og samfunnsvitskap og Fakultetet for ingeniør- og naturfag legg fram fleire alternative forslag til instituttstruktur.

For Fakultet for helse og sosialfag har dilemmaet vore det stikk motsette – der var dei uroa over om institutt for sjukepleie blei for stort, med utdanningar på fire campus og til saman heile 210 tilsette. Etter diskusjon fram og tilbake, kom dei likevel fram til at det måtte vere eitt enkelt institutt. Ei geografisk splitting av fagmiljøet ville ikkje utløyse gevinstane ved fusjon, var konklusjonen.

Boksane no, leiarane etterpå

– Noko som er vanskeleg for fagfolk no, er at dei ønskjer å få svar på mange ting samstundes. Dei er spesielt opptekne av korleis leiarstrukturen blir, og redde for at det blir veldig lange linjer. Men leiinga er noko vi tek oss av i neste omgang – no er det instituttstrukturen styret skal ta stilling til, seier Haraldseid.

Samstundes vil OU-programmet jobbe for at leiarnivået blir avklart så raskt som mogleg etter instituttstrukturen er på plass. Dersom styret følgjer innstillinga til dekanane, blir 15–17 instituttleiarstillingar lyst ut, og målet er at dei nye leiarane skal tre inn i stillingane frå nyttår. Når det gjeld sentera, blir det også ein prosess for å finne ut kor dei skal høyre heime i organisasjonen.

– Kvifor har de vore uroa for at storleiken på institutta blir så forskjellig?

– Vi ser at det kan føre til konflikt – men det kjem heilt an på korleis fakulteta blir leia. I Tromsø var det nokre som følte seg dårleg representerte i kollegiale organ, fordi det var eit misforhold mellom kor mange tilsette det var bak kvar leiar, seier Hustad.

– For vår eigen delar håpar eg at vi i HVL er rause i denne fasen. Viss vi politiserer prosessen og følgjer millimeterpresisjon i spørsmål som representasjon, vil vi påføre oss sjølve store problem. Vi må hugse på at studie- og forskingskvalitet er det som kjem først – og dessutan, at vi skal inn i digitaliserings- og strategiprosessar som også vil krevje mykje av oss, avsluttar Hustad.

  • Saka om instituttstruktur kjem opp i styremøtet 28. september. 
  • Følg arbeidet med å utvikle organisasjonen på hvl.no/ou