Deler vonde kjensler og håp om framtida gjennom kunsten

Forsking på unge flyktningar legg ofte vekt på sårbarheit og problem. I prosjektet «Kreativ sammen» er målet noko anna: Å vise ungdommane som ressursar og formidle deira tankar om kva som gjer livet godt å leve.

Ein stor vegg er dekt av kvadratiske teikningar, collagar sett saman av avisutklipp, ulltrådar, stoffrestar og malepenselstrøk.

I kvar rute får ein innblikk i eit ungt menneske si fortid, notid eller framtid.

Til teikningane høyrer det tekstar. Ei av desse har fått tittelen «Søster»:

Vi er som to fugler. Vi liker å sitte på samme gren, men gir hverandre frihet til å fly hver vår vei. Du er som en rød tråd i livet mitt.

Speglar seg i kvarandre sine historier

Prosjektet «Kreativ sammen» eller «Drawing together» som det heiter på engelsk, blei starta av Ravi Kohl frå University of Bedfordshire. I dag strekker prosjektet seg over fleire landegrenser og ungdommar i både Noreg, Skottland og Finland er med og fortel sine historier gjennom kunsten.

– Å etablere eit nytt liv i eit nytt land er ei stor omvelting i eit menneske sitt liv. I dette prosjektet har ungdommane vore med i kreative workshoppar der dei har delt sine tankar gjennom ein kunstnarisk prosess, fortel Milfrid Tonheim. Ho er professor ved Høgskulen på Vestlandet og NORCE. Saman med kollega Masego Katisi (HVL), Marte Knag Fylkesnes (RKBU-Vest/NORCE) og kunstnar Christine Hoem, har dei gjennomført den norske delen av prosjektet.

Tonheim fortel at dei fleste som er med i prosjektet, kom til Noreg som 15-16 åringar, men at mange har med seg opplevingar som dei sjeldan eller aldri har delt med nokon.

– Noko av det fine med prosjektet er at vi tydeleg ser korleis deltakarane speglar seg i kvarandre sine historier. Dei ser at dei ikkje er aleine med sine erfaringar. Det gjev dei tryggleik, seier professoren.

Ein stein på reisa over havet

Masego Katisi og Milfrid Tonheim går rundt mellom teikningane og peikar ut setningar og motiv. Det er tydeleg at møta med ungdommane har rørt noko ved dei.

På ein lapp merka «Flukt over havet» står det:

Moren min ga meg en stein som ville beskytte meg på reisen. Jeg var 14 år gammel. Vi krysset havet i en båt, meg og 60 andre. Reisen gjorde meg sterkere. Jeg er stolt av det jeg har opplevd, selv om det var veldig vanskelig.

– I dette prosjektet har vi vore opptatt å finne ut kva som gir dei livskvalitet, men det er klart at ein også kjem inn på smerta dei har med seg, fortel Katisi.

I tillegg til collagane, har prosjektet også vore opptatt av å kartlegge relasjonelle nettverk og utforske korleis desse relasjonane påverkar livskvalitet. Dette er mellom anna gjort ved at ungdommane har teikna opp eit slags kart over kven som betyr noko for dei.      

– Vennerelasjonar er særs viktige for desse flyktningane, ikkje minst med andre unge flyktningar. Mange av desse relasjonane er prega av gjensidigheit og tryggleik. Samtidig ser vi at vennskap med personar frå same bakgrunn er sårbare, og at dei ofte berre stoler fullt ut på nokre få menneske, seier Tonheim.

Sola viser ei lys framtid

Fortid og notid har ein viktig plass i prosjektet, men kva tankar har så ungdommane om framtida?

Ifølgje Tonheim ligg det håp og store planar hos mange av dei.

– Det vi ser er at mange har store ambisjonar for seg sjølv. Dei snakkar om utdanning, jobb og bustad, men mange er også opptatt av å vere der for andre.

I teksten med namnet «Rollemodell», står det følgjande avsnitt:

Eg har lyst til å være en god far i fremtiden. Sånn som faren min har vært for meg. Solen viser en lys fremtid.

Faktaboks: Kreativ sammen

  • Kreativ sammen kan du sjå på Kunstgarasjen i Bergen (Møllendalsveien 15) frå 19. oktober til 5. november.
  • Den er del av eit fireårig forskingsprosjekt. Utstillinga i Noreg er støtta av NORDFORSK, Grieg Foundation, Bergen kommune og SR-bank.
  • Det internasjonale prosjektet er leia av professor Ravi KS Kohli frå University of Bedfordshire.
  • Samarbeidsinstitusjonar er NORCE og Høgskulen på Vestlandet, samt Universitetet i Turku og Migration Institute of Finland.
  • Det norske teamet består av: Forskar Marte Knag Fylkesnes (RKBU-Vest/NORCE), professor Milfrid Tonheim (NORCE/ HVL), førsteamanuensis Masego Katisi (HVL) samt kunstar og lærar Christine Hoem.