– Å kunne to språk er ein styrke, ikkje ei svakheit

For Gro Hege Saltnes Urdal vakna interessa for teiknspråk då ho gjekk i klasse med ei som var døv. No leier ho og Benjamin Anible eit av landets største forskingsprosjekt om teiknspråk og tolking.

– Eg hugsar at eg følgde med på teikna til tolken i undervisninga. Det var då interessa mi starta, fortel Gro Hege Saltnes Urdal.

49-åringen frå Arna fullførte si cand.mag-grad ved Norges idrettshøgskole, men utdanna seg seinare til tolk for døve, døvblinde og døvblitte. I august 2019 blei ho den første doktoren ved Høgskulen på Vestlandet med ei avhandling om studentar sin veg til å bli tolk for døvblinde.

Ikkje alle land har ostehøvel

Norsk teiknspråk er eit stort minoritetsspråk i Norge, men kva veit vi eigentleg om korleis det blir brukt? Vi veit noko, men langt frå alt, meiner Urdal. Gleda var difor stor då fagmiljøet innan teiknspråk og tolking ved Høgskulen på Vestlandet fekk 12 millionar kroner frå Norges Forskingsråd i februar 2021.

Forskingsprosjektet DEPICT har seks ulike forskingsområde som alle tek utgangspunkt i omgrepet avbilding. Kva betyr eigentleg dette?

– På tale blir ofte gestar eller teikn vist i tillegg eller istadenfor omgrep. I teiknspråk er avbilding ein del av dei teikna som blir produsert. Det er ikkje ei separat røyrsle eller gestikulering som kjem i tillegg til talestraumen. Avbilding i teiknspråk vil derfor vere å vise meining istadenfor å bruke teikn for å beskrive det.

– Korleis kan bruken av avbilding gjere kommunikasjonen meir krevjande mellom personar med ulike kulturelle erfaringar?
– Teiknet for ost kan vere eit slikt. I Noreg svarar teiknet til den rørsla vi gjer når vi forsyner oss med til dømes ein brunost. Vi held ostehøvelen og dreg den bortover. Det er ikkje så mange andre kulturar som har ostehøvel, dei skjerer osten på andre måtar. Andre land sine teiknspråk vil difor ha andre ikoniske teikn eller rørsler som dei forbinder med ost.

GroHegeSaltnesUrdal2.jpg

Å vere minoritet i minoriteten

Eit av forskingsområda der meir kunnskap om teiknspråk er naudsynt, er blant døve innvandrarkvinner. I møte med det norske samfunnet står dei overfor både kulturelle og språklege barrierar.

– Vi veit alt for lite om denne gruppa og korleis dei kommuniserer. Målet med prosjektet er å få innsikt i korleis dei opplever sin situasjon og i kva grad dei brukar avbilding for å skape felles forståing, seier Urdal.

Feltarbeidet er no gjennomført ved introduksjonsprogram i Noreg som har døve elevar. Gjennom intervju med kvinnene og observasjon av undervisning, utforskar prosjektet utfordringane, men også moglegheitene som desse kvinnene har. No gjenstår analysen som skal få oss til å forstå kva som skjer, slik at vi kan finne ut korleis ein kan møte dei på eit betre måte.

Korleis kan barn lære abstrakte omgrep?

Teiknspråkforskarane ved HVL, har ikkje berre ønska å forstå innvandrarkvinner sin livssituasjon. Dei har også tatt steget inn i barnehagen.

– Vi har vore i to barnehage som har både høyrande og teiknspråklege barn. I samlingsstunda har barnehagetilsette fortalt ei bok på ulike måtar, både gjennom å lese den høgt, og gjennom å bruke teiknspråk og teikn-til-tale. Målet er å finne ut om bruk av avbilding kan hjelpe dei å lære abstrakte omgrep, seier ho. 

DEPICT.jpgFoto frå teiknspråkprosjektet i ein av barnehagane.

Den første NOU-en om norsk teiknspråk

Forskinga på teiknspråk ved Høgskulen på Vestlandet vil gi oss ny innsikt i bruk av teiknspråk, men korleis er eigentleg stoda i Noreg i dag?

Gro Hege Saltnes Urdal er glad for at norsk teiknspråk er kulturelt og språkleg likeverdig med norsk etter den nye språklova som trådde i kraft 1. januar i år. Ho set også pris på at regjeringa har sett ned eit teiknspråkutval som skal hente inn ny kunnskap om kva som er hovudutfordringane når det gjeld tilgang til teiknspråk. I 2023 skal utvalet levere den første NOU-en om norsk teiknspråk nokonsinne.

– All forsking seier at å kunne to språk er ein styrke, ikkje ei svakheit. Eg håpar at utvalet kjem med tydelege tilbakemeldingar som kan styrke og verne teiknspråk. Særleg er eg opptatt av at døve barn får gode teiknspråklege møteplassar, seier ho. 

Om teiknspråk