
Leiarar frå heile Vestlandet finn ny kraft i «Di reise»
HVL sitt nye leiarprogram samlar leiarar på tvers av sektorar og skaper eit inspirerande rom for samarbeid og refleksjon.
– Eg melde meg på fordi eg ønskte å utvikle meg som leiar i ei tid der vi treng meir tillit, samspel og medverknad, seier Sverre Simen Hov.
Han er leiar for møtearenaen og næringspolitisk rådgjevar i Bergens Næringsråd, og ein av dei første som gjennomførte leiarprogrammet.
Hov var på jakt etter eit tydelegare språk og eit tryggare fundament for å leie meir relasjonelt. I tillegg ønska han å bli meir bevisst på korleis hans eigne verdiar og erfaringar påverka leiarrolla.

Sverre Simen Hov deltok i den første runden av "Di reise" i 2025. Her fekk han viktige verktøy som han brukar som leiar i dag.
Eit trygt rom
For Hov var det mest verdifulle ved programmet at det skapte eit trygt rom der ein kunne dele erfaringar ærleg.
– Vi blei utruleg samansveisa som gjeng. Når vi tør å vere opne, blir læringa djupare, og det gir direkte effekt i korleis ein møter menneske og situasjonar i kvardagen, seier han.
Leiarutviklingsprogrammet som har fått namnet «Di reise», er utvikla av HVL-professorane Paul Otto Brunstad og Geir Kåre Resaland, i samarbeid med professor Olav Kjellevold Olsen ved Universitetet i Bergen.

UiB-professor Olav Kjellevold Olsen er redaktør for boka "Når det gjelder som mest - Operativ ledelse og team i kritiske situasjoner" som kom ut i 2025. Innhald frå denne boka er noko av det faglege grunnlaget for leiarprogrammet.
Samarbeid og læring på tvers
For Brunstad er noko av det viktigaste med kurset å bygge ned siloar.
– Det hjelper ikkje at samfunnsinstitusjonar bygger seg sterke og sjølvstendige på eiga hand. Redd Barna kan ikkje redde barna aleine, Forsvaret kan ikkje redde landet aleine. Vi må alltid jobbe saman og på tvers, og her har vi som høgare utdanningsinstitusjon ei viktig rolle, seier han.
Deltakarane kjem frå privat næringsliv, helse, kommunal sektor, Forsvaret, frivillig sektor og HVL sjølv. Den breie samansetninga er ein viktig suksessfaktor.
– Målet er å skape nettverk og auka forståing mellom sektorar som må samarbeide for å løyse felles utfordringar, seier Resaland.

Deltakarane i "Di reise" kjem frå privat næringsliv, helsevesenet, kommunar, forsvaret, frivillig sektor og Høgskulen på Vestlandet. Her er deltakarane i andre runde som hadde første samling i februar 2026.
Konserndirektør i Frydenbø Bil, Olav Aksnes er ein av deltakarane i årets program. Han ser fram til å utvikle sitt leiarskap på ein ny måte.
– Eg har brukt mykje tid på businessdelen av leiing. I dette programmet blir vi utfordra til å snake saman på tvers. Eg opplever det som spennande å gå inn i dette samtidig som eg er ein del av ein bransje i enorm omstilling, seier han.

Annelene Herland Aase er regionleiar i Prosperastiftelsen, og ein av deltakarane i andre runde av "Di reise".
Konstruktivt ubehag
Programmet består av fire to-dagarssamlingar. Mellom samlingane arbeider deltakarane med refleksjonsoppgåver og diskuterer leiarutfordringar frå sin eigen kvardag.
– «Di Reise» tek utgangspunkt i spenninga mellom deg sjølv, jobben din, det du står i her og no, relasjonane du står i, og tradisjonen du er ein del av, fortel Resaland.
Han påpeikar at programmet har som mål å skape tillitsfulle relasjonar som ser heilheita. Deltakarane skal bli kjende med kvarandre som dyktige fagfolk med komplementær kompetanse, men også som menneske.
– Eg trur at noko av styrken i vårt program er at vi tør å gå inn i det som er vanskeleg. Å ta ubehaget på alvor er konstruktivt. Det er her vi har størst endringskraft, seier Brunstad.

HVL etablerte leiarprogrammet i 2025 som ein del av samfunnsansvaret, og for å styrke rolla som samfunns- og regional utviklar på Vestlandet. HVL-professor Geir Kåre Resaland har utvikla programmet saman med Paul Otto Brunstad og Olav Kjellevold Olsen.
Kombinere fridom og tydeleg retning
For Sverre Simen Hov har leiarprogrammet gitt han viktige verktøy i arbeidskvardagen. Han har blitt meir medviten om at leiing handlar om å sjå, anerkjenne og spele andre gode, også innanfor leiarkollegiet. I tillegg har han styrkt forståinga si av korleis ein balanserer fridom og tydeleg retning.
– Konkret har eg jobba meir med å skape open dialog og betre samspel i leiargruppa. Og eg øver på å lytte meir før eg går i “løysningsmodus”, seier han.