Lærarstudent Håkon (23) underviser bergenselevar i musikk via livesending

– Det har vore veldig kjekt å bli utfordra til å tenke annleis på korleis ein underviser og korleis ein kan motivere elevane, sier Håkon Vindenes Ree.

23-åringen er ein av fleire lærarstudentar ved Høgskulen på Vestlandet som har fått moglegheit til å ta del i praksisskulen si digitale undervisning.

Digital læring

Han var allereie i gang med praksis ved Rothaugen skole i Bergen då det kom beskjed om at alle skular i landet skulle stenge.

– Rothaugen skole er langt framme digitalt og praksislærarane har vore flinke til å involvere oss studentar i både planlegging og gjennomføring av den digitale undervisninga, seier han.

Planlegging av undervisning har foregått gjennom videokonferansesamtalar i Zoom eller Google Meet og gjennom chatsamtalar og telefonsamtalar med praksislærar.

100 kommentarar på livesending

– Denne veka har eg mellom anna undervist 10. klasse i musikkproduksjon. Ved å kople eit streamingprogram opp mot livesending på Facebook, har eg undervist studentane og samtidig gitt dei moglegheit til å skrive inn kommentarar med spørsmål.

Under livesendinga som varte i 40 minutt kom det inn 100 kommentarar frå engasjerte elevar.

– Eg har fått mange positive tilbakemelding frå elevane, og fleire fortel at dei kunne tenke seg å ha meir slik undervisning, seier studenten.

– Heilt spesielt

Også medstudent Kristian Wiik har gjennomført digital praksis ved Rothaugen skole. Han har undervist 10. klassingane i engelsk og samfunnsfag.

– Det har vore heilt spesielt. Dette er noko eg ikkje er vant med frå tidlegare praksis eller frå seminar ved HVL. Eg er veldig interessert i det meste digitale, så eg kjente allereie til, eller lærte meg raskt, dei programma vi blei bedt om å bruke, seier Wiik.

Rektor ved Rothaugen skole, Guttorm Oskar Vik, kan fortelle at både elevar og lærarar er vant til å bruke mange ulike digitale hjelpemiddel.

– Terskelen for bruk blir lav og elevar og lærarar finn raskt fram i digitale hjelpemiddel utan å bruke for mykje tid på oppsett og organisering. Når skulen måtte stenge på grunn av koronaviruset var det difor naturleg å la studentar som var i praksis få fortsette, seier Vik. 

Stasråden imponert

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) er imponert over innsatsen universiteta og høgskulane legg ned i desse dagar.

– Studentar som får ta del i denne digitale koronadugnaden får ei helt unik erfaring med å undervise elevar på nye måtar og nye plattformer i den spesielle situasjonen vi står i. Her går HVL foran, og dette er løysningar vi også kan nyte godt av når vi er tilbake til normalen, seier Asheim.

Fakta om lærarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet