
Skal stake ut ein ny og betre veg for naturforvalting
– Vi nordmenn er glade i naturen vår, og difor har mange av oss reagert sterkt når vi ser kor raskt han blir bygd ned. No får vi ein sjanse til å stake ut ein ny og betre veg for korleis vi forvaltar landareala våre, seier Inger Auestad, førsteamanuensis ved HVL
Forskingsrådet har bevilga 425 millioner kroner til etablering av fire nasjonale forskingssenter.
Høgskulen på Vestlandet er samarbeidspartnar i LANDFUTURES – Norwegian Centre for Sustainable Land Use Through Transformative Research and Practice.
Senteret skal gi kommunar og regionale styresmakter betre grunnlag for berekraftige beslutningar ved å knyte forsking tettare til planlegging. Dette er noko Auestad er spesielt opptatt av.

Utviklar kunnskap samfunnet treng, og nøkkelen er samarbeid
– Vi har sterke forskingsmiljø innan naturforvalting og berekraft ved HVL, særleg når det gjeld restaurering av naturområde som myr. Vi utviklar kunnskapen samfunnet treng, men no får vi moglegheit til å jobbe endå tettare saman. Samskaping er viktig! Vi må gå i lag med dei som har skoa på – kommunane, næringslivet og dei som jobbar med plan og regulering, seier ho.
Auestad er ekstra glad for at LANDFUTURES som det einaste av dei fire sentera også skal utvikle nye undervisningsopplegg.
– Samfunnet treng meir kompetanse i naturforvalting, og ved å bruke forskinga og utviklingsarbeidet på senteret til å utvikle undervisning, kan vi sikre samfunnet ressurssterke, kompetente og kunnskapsrike fagfolk.
Meir om LANDFUTURES
- Leiar: Vestlandsforsking
- Samarbeidspartnarar: Høgskulen på Vestlandet, Nordlandsforsking, Ruralis, Transportøkonomisk institutt, Kartverket, Norsk Regnesentral, BC3 - Basque Centre for Climate Change, Vestland fylkeskommune, med fleire.
Alle foto: Ingvild Melien