Eit tettare samarbeid om kompetanseutvikling

For å løyse utfordringane samfunnet står overfor i tida som kjem, treng vi eit endå tettare samarbeid mellom høgskular og universitet og arbeids- og næringsliv.

Det var gjennomgangsmelodien på debatten Kunnskap der folk bur: Universitet og høgskuler som reiskap for regional utvikling, som Høgskulen på Vestlandet arrangerte saman med VINST-alliansen på Arendalsveka.

I panelet var forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel, regiondirektør i NHO Vestland, Helene Frihammer og Odd Stangeland, 1. nestleiar i KS. Geir Kåre Resaland, prorektor for regional utvikling ved Høgskulen på Vestlandet leia debatten.

Mindre handlingsrommet, men Noreg i ei særstilling

Vi står overfor store samfunnsutfordringar i åra som kjem. Vi blir fleire eldre, færre unge og får trongare økonomi. Det viste og perspektivmeldinga som regjeringa la fram i starten av august. Allereie no utfordrar demografien mange kommunar og handlingsrommet er mindre enn før.

- Å møte utfordringane vi står overfor er ein raud tråd i utdannings- og kompetansepolitikken til regjeringa. Perspektivmeldinga var endå eit knepp i ei utvikling vi har sett i lengre tid no, men Noreg er privilegert og står i ei særstilling. Vi har musklar til å møte desse utfordingane, sa Hoel.

Han var opptatt av eit endå tettare samarbeid mellom universitet og høgskular og arbeidslivet når det gjeld utdanning og behovet for kompetanse i åra som kjem.

- Dette er kanskje særleg viktig på etter- og vidareutdanning, men også innanfor grunnutdanningane og forsking og innovasjon, sa statsråden.

Han la og til at arbeidsgivarar i større grad må vere budd på å investere meir i å utdanne dei folka dei har behov for.

Bilete: Forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel, regiondirektør i NHO Vestland, Helene Frihammer, 1. nestleiar i KS, Odd Stangeland, og prorektor for regionale utvikling ved HVL, Geir Kåre Resaland.

Tett på arbeidslivet

Høgskulen på Vestlandet arrangerte også to andre debattar med VINST-alliansen. På arrangementet «En varslet krise for skole- og helsetilbudet i Norge – hva gjør vi?, blei nedgangen i søkjartal til lærar- og sjukepleiarutdanningane diskutert, medan fleksible og desentraliserte utdanningar var tema for den siste debatten.

Dei fire utdanningsinstitusjonane i VINST- alliansen er til stades i store delar av landet, med 70 000 studentar og 27 studiestadar.

- Saman spelar vi ei viktig rolle for tilgangen til kompetanse og arbeidskraft, regionalt, nasjonalt og internasjonalt, seier Geir Kåre Resaland, prorektor for regional utvikling ved HVL.  

HVL har campus frå Haugesund i sør til Førde i nord. Vi utdannar til yrke det er stort behov for i samfunnet og har særleg merksemd på berekraftig samfunnsutvikling, velferd og innovasjon.

- Vi er opptatt av at utdanninga og forskinga vår er integrert og tett på arbeidslivet. Det er noko vi arbeider med heile tida og som vi vil forsterke i åra som kjem i det nye profesjons- og arbeidslivsretta universitet på Vestlandet, seier Resaland.

I debatten blei det også peika på behov for eit meir systematisk arbeid med kompetanseutvikling gjennom regionale kompetanseforum, slik at det blir god samanheng mellom tilbod og etterspurnad etter arbeidskraft. Samt at både utdanningsinstitusjonar og arbeidslivet må samarbeide tettare om nye om innovative løysningar, særleg innan helsesektoren, som reduserer behovet for helsepersonell.

Tettare samarbeid mellom helse og teknologi

Innovative og digitale løysningar i helse- og omsorgssektoren var og tema for ein anna debatt som Høgskulen på Vestlandet arrangerte under Arendalsveka.

Ny teknologi og digitale løysningar har eit stort potensial for å betre helse- og omsorgstenestene, både når det gjeld meir treffsikker og individuell behandling, men og for å avlaste helsepersonell og redusere behovet for personell.

- Utdanningsinstitusjonane har i for stor grad vore fråverande i arbeidet med nye digitale løysningar og velferdsteknologi i helsesektoren. HVL har sterke fagmiljø innan både helsefag og teknologi, og vårt mål er å knyte desse forskingsmiljøa tettare saman og styrke det tverrfaglege arbeidet med digital helse i høgskulen, seier professor, Yngve Lamo, som deltok i debatten og skal leie dette arbeidet i HVL.

Bilete: Professor Yngve Lamo ved HVL, her saman med Kristine Kårstad Skjøthaug, avdelingssjef e-helse og velferdsteknologi i Stavanger kommune, som også deltok i debatten. 

HVL utdannar alt frå ingeniørar og teknologar til sjukepleiarar, radiografar, ergoterapeutar og fysioterapeutar. I tillegg til fagmiljøa innan helse og teknologi har høgskulen og moderne laboratorium som kan nyttast til forsking og utvikling.

- Vi har alle brikkene som skal til for å bygge eit sterkt fagmiljø innan digital helse. Eg trur det er eit stort potensiale her, men det er behov for å jobbe meir i lag slik at dei som kan helse og dei som kan IT får betre forståing for kvarandre sin kompetanse og perspektiv, sa Lamo.

På sikt er målet også å utvikle nye utdanningstilbod innan digital helse, og Lamo understrekar at samarbeid med kommunar og sjukehus blir viktig.

- Vi ynskjer og å samarbeide med kommunar og sjukehus for å kunne bidra i utviklinga av nye digitale løysningar i helsesektoren. Det kan for eksempel gjennom oppgåveskriving, forskingsprosjekt og delte stillingar, seier han.