Elin skal representere HVL i Forskar Grand Prix

Ni forskarar, fire minutt, éin vinnar: 27. september skal den beste forskingsformidlaren kårast i Forskar Grand Prix. HVL sin kandidat i år er stipendiat Elin Høyvik.

Mange som blir innlagt på akuttmottak er skrøpelege eldre, og fleire av desse er bebuarar på sjukeheimar. Men kor godt fungerer eigentleg overføringa mellom sjukeheimar og akuttmottak? 

Dette spørsmålet stiller Elin Høyvik i doktorgradsprosjektet som ho skal presentere i formidlingskonkurransen Forskar Grand Prix i Bergen. Her står ho på scena saman med åtte andre stipendiatar som får fire minutt kvar på å engasjere publikum og dommarar. 

– Eg tenkjer det er viktig at det eg forskar på blir formidla ut til folk. Forskingsfeltet mitt er noko som berører oss alle, seier ho.

Vil finne ut kor utfordringane ligg

Elin Høyvik er utdanna geriatrisk sjukepleiar og har sjølv jobba på både sjukeheim og akuttmottak: 

– På denne måten har eg sett begge sider. Eg har sjølv vore med klokka fire om morgonen ei svartkald vinternatt, stått saman med ei eldre dame i rullstol som skal tilbake til sjukeheimen midt på natta. Ho har vore på akuttmottak i timesvis. Ho er sliten, ho er åleine, og ho har framleis på seg sjukehustrøya.. 

Å vere på eit akuttmottak er ei stor belastning for ein eldre skrøpeleg pasient.   Elin fortel at akuttmottaket ikkje nødvendigvis er tilpassa dei grunnleggande behova hos denne gruppa.  

–  Helsepersonalet kan på si side føle at dei ikkje gjer ein god nok jobb. Dei ser også at det skjer altfor mange unødvendige innleggingar og at folk blir lagt inn fordi dei ikkje har gode nok alternativ. Folk blir lagt inn sjølv om dei er nær livets slutt, og dei blir lagt inn sjølv om dei har avtale om at dei ikkje vil på sjukehus. 

Tilsette på sjukeheimar, legevakt, ambulanse og akuttmottak blir nøydde til å samarbeide om pasientane i ein akutt fase, men dei møter på fleire utfordringar i overføringa frå ei avdeling til ei anna.

- Eg tenkjer det er viktig å finne gode tiltak, men før ein set i gang med tiltak på ein finne kor utfordringane ligg. Kva er det vi må gripe fatt i? Kva er det som ikkje fungerer?  spør ho. 

– Det handlar om å lære seg å formidle

Fram mot konkurransen har Elin deltatt på samlingar med dei andre forskarane og fått coaching frå både teaterinstruktørar og kommunikasjonsrådgjevarar.  

– Når du jobbar med eit tema i 3-4 år og skal formidle det på kort tid, er det lett å tenkje at sjølvsagt gir dette meining. Men å formidle det på ein måte som gir meining for alle andre som ikkje er inne i forskarverda, er ei øving. 

Ho fortel at denne prosessen både har vore kjekk og lærerik: 

– Det handlar om å lære seg å formidle, om å ta seg tid til å la budskapet synke inn hos mottakaren, ikkje snakke for fort, men gi pausar der det er naturleg. Det handlar også å få fram det aller viktigaste, slik at essensen ikkje druknar i ein masse. Dette er lærdom eg tar med meg vidare. Slik sett vil eg seie at det hjelpt meg mykje som forskar å delta i Forskar Grand Prix. 

Les meir om arrangementet på nettsidene til Forskningsdagene i Bergen.

Det blir også mogleg å høyre meir om forskinga til Elin Høyvik under Forskingsdagane på campus Stord og campus Haugesund: 

Vi ønskjer Elin lukke til!