
Ergoterapistudentar ved HVL langt meir nøgde med KI-opplæring enn nasjonalt
Nær halvparten av ergoterapistudentane ved Høgskulen på Vestlandet meiner dei får god opplæring i bruk av kunstig intelligens. Det er langt over snittet nasjonalt.
Dette har forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland merka seg. Denne veka var statstråden på Høgskulen på Vestlandet (HVL) for å høyre meir frå studentar og tilsette om korleis dei jobbar med kunstig intelligens (KI). Bakgrunnen er resultata frå årets Studiebarometer.
– Studiebarometeret viser at mange studentar er usikre på bruk av KI, og at dei savnar tilstrekkeleg opplæring og rettleiing i det. Her skil ergoterapiutdanninga ved HVL seg veldig positivt ut, seier Aasland.

Bilete: Statsråd Sigrun Aasland blei tatt i mot av rektor Gunnar Yttri, då ho besøkte ergo- og fysioterapiutdanninga ved HVL.
Nasjonalt er det berre 21 prosent av studentane som meiner at dei får tilstrekkeleg opplæring i bruk av KI-verktøy. På ergoterapi ved HVL er talet nærmare 50 prosent. Også ved fysioterapiutdanninga ved HVL er dei meir nøgd enn elles i landet, der rundt 30 prosent svarar at dei får god opplæring.
Lærar promting og kritisk bruk
– KI er ein del av kvardagen og studiekvardagen, og då må vi lære studentane å utforske KI og bruke det kritisk. Kjeldekritikk er ein viktig del av faget vårt, og dette er ein ny måte å vere kjeldekritisk på, seier Carl Fredrik Hafstad Karlsson.
Han jobbar på ergoterapiutdanninga, og fortel at dei har inkludert KI som ein del av undervisninga. Fleire av dei som undervisar på utdanninga har også tatt kurs og modular i KI som HVL tilbyr tilsette.
– Lærarane er veldig flinke til å vise oss korleis vi kan bruke KI på ein fornuftig, men kritisk måte. Vi har blant anna lært kor viktig promting, og at vi må vurdere nøye dei svara vi får basert på den faglege kunnskapen vi har, seier Oline Tandstad, som går andre året på ergoterapiutdanninga.

Bilete: Studentar og tilsette ved ergo- og fysioterpiutdanninga. Adrian Hanebrekke, Didrik Engedahl, Hege Handeland (førstelektor fysioterapi), Luisa Husby Sem, Carl Fredrik Hafstad Karlsson (høgskulelærar ergoterapi) Oline Tandstad og Silje N. Holte.
KI er sparringspartner - gir nye idear og innfallsvinklar
Tandstad fortel at studentane bruker KI mykje, og at dei diskuterer svar frå KI med både medstudentar og undervisarar i timane.
– Det er fint å kunne diskutere og reflektere over svara vi får frå KI. Vi utviklar oss saman som ein klasse, og saman med lærarane, seier ho.
Didrik Engedahl går andre året på fysioterapiutdanninga. Han brukar KI nesten kvar dag.
– Eg bruker det ikkje for å få svar på spørsmål, men som sparringspartnar og for å få innspel, for eksempel på moglege diagnosar. KI kan gi nye idear og innfallsvinklar, seier Engedahl.
Etisk refleksjon er viktig: Prøver ut KI-erklæring
Tilsette på både ergo- og fysioterapiutdanninga er opptatt av etisk refleksjon og haldningar til bruk av KI. Studentane skal reflektere over kva dei brukar KI til, og over svara dei får, sett opp fagleg kunnskap og skjønn.
Karlsson fortel at eit grep dei har tatt på ergoterpi er at studentane fyller ut ei KI- erklæring, til dømes i samband med skriftlege oppgåver som er obligatoriske. I desse dagar testar dei og ut KI- erklæring på heimeksamen for fyrste gong.
– I erklæringa skal studentane vise kva dei har brukt KI til, og kva dei ikkje har brukt det til. Med KI kan det være vanskelegare å vurdere kunnskapen studentane sit med. Det er noko vi diskuterer, og vi har endra litt på vurderingsformer, seier han.
– Vi har framleis heimeeksamen, men vi har meir munnleg- og skuleeksamen enn tidlegare, legg han til.
Aasland var imponert over det ho høyrte, både frå studentar og tilsette.
– KI er eit veldig viktig tema for oss framover, og det var inspirerande å høyre om korleis dei bruker KI som sparringspartnar og for å fremme læring. Bruk av KI- erklæring var også nytt og spennande, seier statsråden.