EU-ambassadøren besøkte HVL

EUs ambassadør til Norge Nicolas de La Grandville besøkte campus Bergen fredag.

Besøket var ein del av ein rundttur i regionen, der høgskulen var eitt av fleire sentrale stopp på turen. HVL er medlem i Vest-Norges Brusselkontor som tok initiativet til besøket. Med vintersola på laget kunne rektor Gunnar Yttri ønskje velkommen til  ein campus som viste seg frå si beste side denne dagen. 

Ved HVL fekk ambassadøren mellom anna høyre om det internasjonale arbeidet innan utdanning og forsking. I tillegg blei det omvising på læringslaben, som er ein stad der studentar og tilsette kan utforske og prøve ut ny teknologi til læring, undervising eller forsking. Her fekk ambassadøren mellom anna prøve ut VR-teknologi og sjå dei ulike digitale fasilitetane ved laben.  

vr.jpg

Nicolas de La Grandville let seg imponere av dei moderne fasilitetane og var ikkje vanskeleg å be om prøve ut litt av det tekniske utstyret.  

laeringslab.jpg

Seksjonssjef Sigrid Jordal Havre (til venstre) viste ambassdøren rundt i læringslaben og fortalde om korleis dei fasiliterer ulike digitale tilbod for studentar og tilsette. 

Ambassdøren var også svært interessert i å høyre om korleis høgskulen jobbar med det grøne skiftet. Førsteamanuensis Velaug Myrseth Oltedahl presenterte arbeidet med hydrogen, knytt til utdanning, kurstilbod for etter- og vidareutdanning og forsking. 

- Vi ser at studentane som skriv oppgåver om hydrogen er svært attraktive på arbeidsmarknaden. Mange av dei står med fleire jobbtilbod før dei er ferdig utdanna, fortalde ho. 

velaug.jpg

Velaug Myrseth Oltedahl fortalde ambassdøren om utdanning og forsking innan hydrogen