HVL arrangerer internasjonal studentbandkonkurranse på Stord

I april vert Stord møteplass for studentar og faglærarar frå fire europeiske universitet, samt bransjefolk frå ein stor europeisk festivalprodusent. Høgdepunktet er finalen i tevlinga for studentband på Arena.

– Eg gler meg til å møte studentane frå Tyskland, Frankrike og Romania og høyre korleis det er å vere musikkstudent i andre europeiske land, seier André Kamau.

22-åringen er ein av studentane frå lærarutdanning for praktiske og estetiske fag  (LUPE) ved HVL som er med i den internasjonale studentbandkonkurransen på fleire ulike måtar.

Kamau og Julie Hye Rin Aune skal vere konferansierar under den lokale finalen på Kronbar.

Medstudent Erica Raknes ser også fram til aktivitetane knytt til Europavox. I tillegg til å vere med på arrangementssida, er ho med i eit av banda som skal delta i HVL sin lokale konkurranse på Kronbar på HVL, campus Bergen 21. februar.

– Vi har tatt med oss musikksmaken til dei ulike medlemmene i bandet. Det blir kjekt å framføre musikk som vi har laga sjølv, fortel Raknes.

Fire lokale tevlingar og ein europeisk finale

EuropaVox Campus er det første musikalske springbrettet i sitt slag for studentar, eit prosjekt utvikla av festivalprodusenten EuropaVox og franske Université Clermont Auvergne.

Frå oktober 2023, har studentar meldt seg på den lokale konkurransen på sin campus. På kvar stad vil ein jury av faglærarar, representantar for arrangørar og profesjonelle utøvarar velje dei artistane som er kvalifisert til å delta på den lokale bandkonkurransen.

– Dei fire sigrande artistane, ein frå kvar av dei fire europeiske campusane, møtes til storstilt europeisk finale på Stord. Det gler vi oss til, seier førsteamanuensis ved Institutt for kunstfag, Øystein Røsseland Kvinge.

Saman med kollegaer på campus Stord, LUPE-studentane, og studentane som går på årsstudium i muiskk på Stord, jobbar han no for å førebu den internasjonale hendinga.

Gallakveld på Arena 18. april

– I tillegg til finalen på Arena på Stord, blir det workshops, turar i nærområdet og møter for musikarar, studentar, faglærarar, bransjefolk og medlemmer av interesseorganisasjonar, fortel han.

På sjølve gallakvelden den 18. april, vil ein jury frå fleire europeiske land kåre vinnaren av EuropaVox Campus 2024. 

– Dette er ein veldig god arena for å skape noko nytt saman. Vi er glade for å bidra til at universitet, interessentar i kulturfeltet og innbyggarar elles kan møtast på denne måten, seier Kvinge.

Om EuropaVox Campus