Førsteamanuensis

Øystein Røsseland Kvinge

Arbeids- og kompetanseområde

Eg underviser på masterstudiet i musikkpedagogikk som vi tilbyr på kampus Kronstad. Her er eg involvert i emna som dreier seg om musikkpedagogisk grunnlitteratur og nyare musikkpedagogisk forsking. Eg underviser også i vitskapsteori og metode. På Stord underviser eg i mastergraden i Kreative læreprosessar (MaCrel). Her er fokus mest retta mot dei som har valt musikk som profilemne kor eg underviser i fagspesifikke tema. Eg underviser også i vitskapsteori og metode for studentar på tvers av dei ulike profilane i masteren på Stord. Eg rettleiar masterstudentar frå begge kampus. I Bergen koordinerer eg syklus 2, og underviser dei studentane som har valt musikk som masterfag. I haust er vitskapsteori og metode som står i fokus, også her. Til våren i 4. året er det musikkpedagogisk forskingslitteratur som er på agendaen.

Eg er med i forskargruppa Culture, Criticism, Community. Frå hausten 2020 er eg også med i forskingsprosjektet FUTURED som er eit samarbeidsprosjekt mellom HVL og Oslo Met med mål om å bidra til utvikling av framtidas musikklærarutdanning.

Musikkfagleg har eg interesse for uformell læring i musikk i sosiale medier, musikkprogramvare for skaping og framføring av musikk, jazzpiano, latinamerikansk musikk. Eg speler piano i Bergen vista social club, og organiserer JazzGalleriet i Fana kulturhus kor eg og spelar i husbandet.

 

2019 PhD - Universitetet i Bergen

Presentation in teacher education. A study of student teachers’ transformation and representation of subject content using semiotic technology

2012 Mastergrad - Høgskulen på Vestlandet

Mastergrad i IKT i læring med musikk som fagprofil. "Musikalsk læring i Cyberspace? Eit kasusstudium av uformell læring i jazzpiano på YouTube, sett frå eit designteoretisk perspektiv."

Min blogg 

Underviser i

  • Musikk i GLU, syklus 2, Campus Kronstad
  • Master i Kreative læreprosessar (MaCrel), Campus Stord
  • Vitskapsteori og metode
  • Laptop som hovudinstrument

Forskar på

https://app.cristin.no/projects/show.jsf?id=685949