– Handlingsplanen for norsk fagspråk er eit viktig steg på vegen

Men eg kunne tenkt meg ei djervare satsing og raskare fart i tiltaka. Det seier rektor Gunnar Yttri ved Høgskulen på Vestlandet (HVL). I dag presenterte Regjeringa den nye handlingsplanen for norsk fagspråk og 21 tiltak som skal styrke arbeidet.

– For oss som dagleg byggjer det profesjons- og arbeidslivsretta Universitetet på Vestlandet er språk grunnlaget for å levera godt på vårt samfunnsoppdrag, seier Gunnar Yttri.

– HVL er ein institusjon som alt i frå starten har vore og er svært medveten og oppteken av språk og språkpolitikk. Me har ein offensiv språkprofil og den nye handlingsplan er difor viktig. Den viser at Regjeringa og Kunnskapsdepartementet ønskjer å styrke dette viktige feltet, sjølv om me hadde forventa meir kraft, legg han til. 

Etterlyser friske midlar

I handlingsplanen viser Regjeringa til at utfordringane for norsk fagspråk er mange og dei har auka dei siste åra.

Rektor meiner at fleire av tiltaka og måla i handlingsplanen er bra og peiker i riktig retning, men påpeikar at noko av dette ligg litt fram i tid.

- Regjeringa kallar handlingsplan «Frå ord til handling». Eg forventar at me raskt kjem til handling, og det trengst friske midlar for å få fart i arbeidet utover å lovfeste og tydeleggjera krav til oss universitet og høgskular. Alt dette kan ikkje forløysast innanfor våre eigne rammer, seier Yttri. 

- Så saknar me og at handlingsplan har meir merksemd på utviklinga av nynorsk fagspråk. Det vil vore ein styrkje. Her har me mange gode fagmiljø som kan aktiverast og styrkast.

Engelsk via stor plass i meldinga

I HVL sitt innspel til handlingsplanen stod det at Regjeringa burde ta mål av seg å etablere eit nasjonalt kompetansesenter for norsk fagspråk. 

- Kort sagt treng me kraftfulle grep og satsingar som monnar og fører arbeidet raskt og tydeleg framover. Eit nasjonalt kompetansesenter ville vore eit bra grep, seier Yttri.

I meldinga får den aukande graden av engelsk og mykje plass.

- Eg vil seie at det er inga motsetning om å styrke norsk fagspråk og det å vera ein aktiv internasjonal aktør kor engelsk er eit viktig språk.

- Men det krev at me er medviten desse forholda. Det krev ei tydeleg retning og klokskap frå styresmaktene og ein klår profil på vårt eige arbeid. Her skal HVL bidra godt.

Handlingplanen inn i andre arbeid

Yttri merkar seg at Regjeringa vil ta den nye handlingsplanen inn i andre arbeid.

- Eg er spent på korleis dette vert skrudd på plass i framlegget til den nye universitets- og høgskulelova som kjem denne veka og i nasjonalbudsjettet til hausten.

– Me ser også fram til at profesjonsmeldinga erkjenner at godt norsk fagspråk må satsast på og utviklast i alle profesjonsutdanningar.

Om handlingsplanen for norsk fagspråk

Handlingsplan for norsk fagspråk i akademia - regjeringen.no

Fleire av tiltaka er knytt til undervising og læring, norskkompetanse til undervisarar og norsk språk i forsking og formidling. Mellom anna kjem det framlegg om å lovfeste krav til norsk fagspråk, norsk som undervisningsspråk og rett til å skrive bachelor og masteroppgåver på norsk i universitets- og høgskulelova. I tillegg peiker Regjeringa på forslag om forskriftsfesting av norskkurs for tilsette med undervisingsoppgåver og for doktorgradskandidatar. Å vidareutvikle lærebokordninga for å stimulere til meir skriving og bruk av læremiddel på norsk blir og løfta opp.