Fem av fem studentverksemder frå HVL vidare til andre runde i STUD-ENT

Alle dei fem studentverksemdene frå HVL har gått vidare til andre runde i den nasjonale gründerkonkurransen STUD-ENT.

Om lag halvparten av studentverksemdene som tevlar om kvar sin million til å realisere idear tufta på sitt masterarbeid, er denne veka hos Forskingsrådet i Oslo for å presentere prosjekta sine for eit panel. Alle dei fem studentverksemdene frå Høgskulen på Vestlandet var blant dei 29 som har nådd til andre runde i den nasjonale konkurransen.

I april vert det klart kven av dei 29 studentverksemdene som får kvar sin million, og inntil 20 STUD-ENT-stipend vert utdelt. I tillegg til dei fem reine HVL-prosjekta, er også ein HVL-student knytt til eitt av dei to prosjekta frå UiB som gjekk vidare til runde to.

Adoore AS - opnar dører for eit betre kvardagsliv

Adoore AS har bakgrunn frå Institutt frå Maskin- og marinfag. Prosjektleiar Bjørn H. Hauge og David Lampe skreiv begge bacheloroppgåve om den automatiske døropnaren som mellom anna skal gje eit betre kvardagsliv for personar med nedsett funksjonsevne. For oppgåva vann studentane Framo-prisen for beste bacheloroppgåve i 2016. Dei vann same semester idémesterskapet på høgskulen. Etter å ha jobba med prosjektet sitt på masternivå ved Aalborgs universitet i Danmark saman med tre nye medlemmer (Oda Waage Eikill, Jakob Muldbjerg og Mads Mørup), ønskjer dei no å freiste å få eit STUD-ENT prosjekt saman med Høgskulen på Vestlandet. Med på laget har dei fått rettleiaren sin frå bacheloroppgåva Tone Røkenes, samt Hassan Momeni frå (begge frå Institutt for Maskin- og marinfag) og Øyvind M. Berge (Mohnsenteret) som mentorar. Prosjektet vil vidare trekke på høgskulen sitt fagmiljø innan teknologi i helse ved Senter for omsorgsforskning vest.

Playwell AS – sosial gaming

Verksemda «Playwell» er knytt til masterprogrammet i «Innovasjon og leiing» som er eit samarbeid mellom Mohnsenteret og Institutt for økonomi og administrasjon. Studentane bak verksemda er Constandino Leiva og Sjur Hovi som har jobba med verksemda si både ved sidan av studiane og i praksisfag og masteroppgåve. Leiva har tidlegare vore med å starte «Gründerklubben» som har vore eit lågterskel-tilbod for studentar i nærregion Bergen som ønskjer å starte ei eiga verksemd. Studentane har over fleire år hatt eit tett samarbeid med Mohnsenteret om verksemda si som har ein sterk profil innan «ansvarleg innovasjon» eller sosialt entreprenørskap. I tillegg er prosjektet knytt til «Institutt for pedagogikk, samfunnsfag og religion» der dei har fått Andrea Eidset og Bodil Ravneberg med på laget som mentorar. Playwell sett lys på eit viktig samfunnsproblem, og samarbeider tett med kommunar for å aktivisere passiv ungdom gjennom å bruke spel som verkemiddel. Frå Mohnsenteret er Marit Eggen med som mentor.

Recit AS– Friendly Recommendations

«Recit» har utspring frå vårt eige masterprogram i «Innovasjon og entreprenørskap». Dan Endre Bigset leverte masteroppgåva si som omhandla «Word of Mouth» våren 2017, og utviklar ein smart anbefalingsplattform som gjer det enklare å dele anbefalingar med kvarandre gjennom å digitalisere Word of Mouth. Recit har tidlegare fått støtte frå Innovasjon Noreg til marknadsavklaring, og ønskjer no å få eit STUD-ENT-stipend sånn at ei verksemd tufta på masterarbeidet kan realiserast. Bigset har fått med seg rettleiaren sin frå masteroppgåva Inger Beate Pettersen som mentor for prosjektet, i tillegg er Natalia Mæhle og Øystein Stavø Høvig (alle tre frå Mohnsenteret) med som mentorar.

Selvhenvisning.no

Roar Mjelde har utvikla ein web-applikasjon for sjølvhenvisning til psykisk helse gjennom sitt masterarbeid, og ønskjer eit STUD-ENT stipend for å konfigurere løysinga av systemet til bruk i fysioterapi og for å realisere ei verksemd på bakgrunn av løysinga innan fysioterapi. Samfunnskostanden knytt til rygg, muskel og skjellettskadar er Norges dyraste helseproblem, og kan truleg reduserast ved tidlegare bruk av fysioterapi. Studentverksemda «Selvhenvisning.no» ønskjer å gjere det lettare for pasientane å søke hjelp. Mjelde har tidlegare vunne idékonkurransar for andre idear som handlar om teknologi i helse og omsorg. Ynge Lamo frå Institutt for Data- og realfag, Liv Heide Magnussen (forskingsgruppe i fysioterapi), og Svein Sjøtun (Mohnsenteret) er knytt til prosjektet frå HVL som mentorar.

Edal Guitars AS – Ergonomiske gitarar

Edal Guitars utviklar ein ergonomisk korrekt gitar gjennom ein radikalt ny form på den akustiske gitaren som er betre tilpassa gitaristen sin kropp. Eline Dalseth er ergoterapeut, og har bakgrunn frå Institutt for ergo/fysio/radio i nærregion Bergen. Dalseth skreiv bacheloroppgåve knytt til prosjektet i 2016, og var med det den første ergoterapistudenten som har skrive oppgåve knytt til eige innovasjonsprosjekt. Samstundes utvikla ho ein spelbar MVP av gitaren saman med gitarbyggar Egil Haugland ved musikkseksjonen ved Insitutt for kunnstfag (Fakultet for lærarutdaning). Dalseth var den første ikkje-ingeniøren som hadde eigen stand på EXPO-utstillinga, der det vart ein minikonsert der Jan Eggum spelte på gitaren. Dalseth har dei siste to åra utvikla gitaren vidare gjennom masterstudier på Ås, men ønskjer no å komme heim til HVL og studentinkubatoren «Fabrikken» for å utvikle Edal Guitars vidare. Mellom anna skal bachelorstudentar ved ergoterapi og fysioterapi skrive oppgåve for verksemda. Med på laget har ho i tillegg fått mentorar frå HVL: Egil Haugland (musikkseksjonen), Susanne Johnsen Grødem (ergo), Øyvind M. Berge (Mohnsenteret).