
Fleire tilbod om høgare utdanning i Ryfylke
Nå kan det bli fleire skreddarsydde studier og ordinære tilbod i Ryfylke etter at det er inngått ein samarbeidsavtale mellom Høgskulen på Vestlandet og Ryfylke IKS.
Føremålet med samarbeidsavtalen er å styrke kompetansen i Ryfylke. Det betyr å auke tilgangen på fleksible studium på høgskulenivå lagt til regionen.
Det er alt lagt ein mal for arbeidet gjennom studie som alt er i gang i regionen. Havbruksstudiet Den blå åker er eit av dei, der næringa sjølv, HVL og Ryfylke IKS har samskapt ein studieplan.
Mål om nytt bachelorprogram innan havbruk
Den blå åker går nå på sitt andre semester og studentane og bedriftene sjølv får vera med å leggja føringar for kva som er viktig å leggja vekt på i studiet når tilbodet skal utviklast vidare, seier prorektor på Høgskulen på Vestlandet Geir Kåre Resaland.
-Målet vårt er å utvikla tilbodet vidare med håp om å få til det første bachelorprogrammet innan havbruk på Vestlandet, med utgangspunkt i det pågåande studiet i Ryfylke, forsett han.
Kunnskapsdeling, utvikling og innovasjon
Det viktige for denne type utdanning er at studentane som til vanleg er i aktivt arbeid kan bu heime og samtidig formalisera og auka kompetansen sin innan faget dei arbeider med.
-Tilleggseffekten for Ryfylke er at innan til dømes havbruk får me ei kunnskapsdeling mellom personar som arbeider i ulike selskap innan næringa. Det er viktig for å tenkje nytt og annleis og dermed bidra til utvikling og innovasjon, fortel dagleg leiar i Ryfylke IKS Øyvind Lundbakk.
Høgskulen på Vestlandet står som fagleg ansvarleg for studia, mens Ryfylke IKS har ein lokal kunnskap som er viktig når tilbod skal formast og gjennomførast.
Lundbakk peiker på at Ryfylke IKS vil halda god kontakt med dei vidaregåande skulane om utforming og gjennomføring av tilbod. Han legg vekt på at undervisinga vil skje på ulike lokasjonar i regionen avhengig av kva for tilbod det er snakk om.
Det er og tilfelle der dei vidaregåande skulane vil tilby fag på vidaregåande nivå for å kvalifisere vaksne til å ta del i planlagde studietilbod, avsluttar Lundbakk, som er svært nøgd med at Ryfylke har fått på plass ein avtale med Høgskulen på Vestlandet.