Fleirspråklege sjukepleiestudentar får ekstra språkoppfølging

Fleirspråklegheit er ein ressurs og ein viktig del av helsevesenet, seier førstelektor Ingrid Gilje Heiberg. Ho held kurs i «sjukepleienorsk» for fleirspråklege sjukepleiestudentar ved campus Haugesund. No blir kurset eit tilbod for alle sjukepleiestudentar ved HVL.

Våren 2021 har fleirspråklege sjukepleiestudentar i Haugesund hatt tilbod om kurset «Sjukepleienorsk». Førstelektor Ingrid Gilje Heiberg og fagseksjonsleiar Else Cathrine Lütcherath Rustad ved campus Haugesund har hatt det faglege ansvaret for kurset.

– Ved campus Haugesund har vi alltid hatt mange fleirspråklege studentar. I tillegg har vi eit internasjonalt miljø. Før korona kom det over 30 sjukepleiestudentar kvart år på utveksling til Haugesund. Dette har utfordra oss til å tenke nytt om korleis fleirspråklege studentar kan lære språket som er naudsynt i sjukepleiefaget, fortel Heiberg. Ho presiserer at dei også har ein del fleirspråklege studentar som beherskar norsk flytande og såleis ikkje har behov for ekstra språkstøtte.

12 studentar frå Haugesund og Bergen følger kurset digitalt i vår og tilbakemeldingane har vore gode. I studieåret 2021/2022 vil tilbodet bli utvida til  å gjelde sjukepleiestudentar ved HVL i Bergen, Førde, Stord og Haugesund.

Nokon å snakke norsk med

– Bakgrunnen for innføringa av dette tiltaket er at vi den siste tida har fått fleire bekymringsmeldingar om utfordringar for fleirspråklege sjukepleiestudentar. Vi får melding om at mange er blitt meir isolert og har få norsktalande å snakke med under pandemien. Det blir såleis vanskelegare å lære norsk, og ein kan bli mindre førebudd til å møte pasientar og samarbeidspartnarar/kollegaer i praksisstudiet, seier prodekan for utdanning ved Fakultet for helse- og sosialvitskap ved HVL, Anne-Grethe Naustdal.

Ho understrekar at fagleg språkoppfølging ikkje berre vil gje studentane betre moglegheit til å klare å følge studieprogresjonen, men at betre språkkompetanse også vil kunne gje tryggare teneste for pasientar og brukarar som studentane skal ut og møte.

– Vi vil fylgje opp erfaringane vi får med gjennomføringa av «Sjukepleienorsk-kurset» komande studieår, og deretter søke å utvikle eit framtidig tilbod til alle dei fleirspråklege studentane ved fakultetet vårt, seier Naustdal.

Innhald og organisering av kurset

Førstelektor Ingrid Gilje Heiberg har ansvaret for organiseringa av det frivillige tilbodet. Ho vil lære opp fleire i fakultetet til å bli kursleiarar. 

Kurset består av både akademisk norsk, pasientnorsk, kvardagsnorsk  og medisinsk norsk. Undervisningsopplegget er fagleg forankra i det felles europeiske rammeverket for språk.

– Gjennom kurset trenar studentane på fem område knytt til å lytte og forstå, skrive, lese, formidle og føre ein samtale, seier Heiberg.

P1480348_Shv-kopi.jpg

Førstelektor Ingrid Gilje Heiberg held kurs i "sjukepleienorsk".

Studentassistentar til alle fleirspråklege studentar

Fakultet for helse- og sosialvitskap ønsker også å kunne tilby ekstra studentassistentar til alle fleirspråklege studentar.

- Studentassistentane vil få opplæring i å f.eks nytte ulike podkastar som studentar og studentassistentar kan høyre på i forkant av møtene. Så kan dei samtale om, og tolke, podkastane saman, for å jobbe med fagspråket.  Dette kan fungere bra i starten av møta, og så vil truleg dei faglege og sosiale samtalane gå meir av seg sjølv etter kvart som ein vert kjend, seier prodekan for utdanning, Anne Grethe Naustdal.