Desse HVL-forskarane bidrar på forskingsdagane

Barndomstur til Kina og kræsjkurs i kjærleik og sjekking er berre noko av det HVL-forskarane skal bidra med på forskingsdagane i Bergen denne hausten.

Forskingsdagane er ein arena der forskarar møter vanlege folk, og i år bidrar fleire av våre dyktige forskarar med debattar og foredrag. Mange skal dessutan representere HVL på forskingstorget for barn og unge.

Innhaldsrike debattar

Oppvekst er det overordna temaet for veka. I debatten «Oppvekst – hva skjer?» 20. september deltar Birgitte EspehaugNina Goga og Oded Ben-Horin frå HVL med sin kunnskap om oppvekst, framtidas oppvekst og barnelitteratur.

24. september skal Erlingur Sigurður Jóhannsson delta i debatten «Talentutvikling eller drømmeknusing?». Debatten handlar om kva som kjenneteiknar eit talent og om talentar blir oversett på grunn av for tidleg seleksjon.

Dagstur til Kina

Helga 21. og 22. september blir forskingstorget flytta til Studentsenteret i Parkveien 1 på grunn av uvêr. Her bidrar Silje MælandIlker Meric og fleire andre forskarar frå HVL med tre stasjonar. Ved den eine kan barna ta gang-sertifikatet, ved neste får dei reise tur-retur til Kina og på den siste stasjonen får dei innblikk i jobben som elektroingeniør.


Klimakvoter og flørting

Forskingsdagane UNG blir Mimes brønn fylt av ungdommar frå vidaregåande skule. Erlend Eidsvik frå Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag skal halde foredrag om klimakvoter, medan Natalia Mæhle frå Mohnsenteret skal fortelje om berekraftig matforbruk.

Ole Bjørn Rekdal frå Institutt for velferd og deltaking vil fortelje om forskinga på falske nyhende og Frode Thuen held eit kræsjkurs i sjekking og kjærleik.

Til slutt vil Pål Ellingsen ved Institutt for data og realfag forklare vidaregåeande-trinnet korleis vi kan ferdast trygt i ei digital verd.

Forskar Grand Prix

Som i fjor stiller HVL i år med ein eigen kandidat til Forskar Grand Prix. Det er stipendiat Hege Hansen ved Institutt for velferd og deltaking som for HVL skal konkurrere om den gjeve forskingsprisen.

Veka blir avslutta med Researchers’ Night på Kronbar, der Kristel ZilmerJarle Diesen og Bård Bogen skal fortelje meir om øl frå både biologiske og samfunnsmessige vinklingar.