
Første disputas ved campus Stord
Brita Høyland har i si avhandling forska på korleis lærarar sine talespråklege praksisar går føre seg i møte med minoritetsspråklege elevar. Lærarane i studien blei overraska over korleis dei sjølve snakka.
Minoritetsspråklege elevar får ofte undervisning i norsk i eigne tilrettelagde klassar, såkalla innføringsklassar. Mange stader på Vestlandet skal dei gjerne lære nynorsk som hovudmål, men korleis snakkar lærarane i undervisninga? Brukar dei dialekten sin eller snakkar dei eit meir normert og skriftspråksnært talemål?
Det har Brita Høyland ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) undersøkt ved ein ungdomsskule sørvest i landet, der elevane lærer nynorsk.
– I klassen har eg gjort videoopptak, og eg har studert kva talespråk lærarane nytta i undervisninga. Etterpå gjorde eg intervju med lærarane, og dei fekk høyre seg sjølve på opptaka og kommentere eige språk, fortel Høyland, som er den første kandidaten som disputerer med ein doktorgrad ved campus Stord.
Lærarane fekk seg nokre overraskingar, ifølge stipendiaten.
– Dei blei særleg overraska over at dei nytta det dei oppfatta som bokmålsord. Til dømes kunne dei seie både «tavla» og «tavlå», «kantina» og «kantinå». Det var særleg fellesformer for bokmål og nynorsk som blei brukt i variasjon med dialektformer. Det kunne og hende at elevane ikkje forstod kvifor læraren skreiv ordet «aust», men sa «øst», seier Høyland.
– For det meste verka det likevel ikkje som om variasjonen skapte problem for forståinga, men det opna for mange samtalar om norskspråkleg variasjon.
Frå venstre: Hovudrettleiar Agnete Nesse frå Universitetet i Bergen, Brita Høyland og professor Sissel Margrethe Høisæter frå HVL. Foto: Hilde Eide Helland
Varierte språket ubevisst
Korleis lærarane nyttar dialekten i ein klasse der nynorsk er opplæringsspråket, er ikkje blitt forska på tidlegare.
– Lærarane som var med i studien har ulik dialektbakgrunn, noko dei meinte var positivt for elevane å forhalde seg til. Det er jo desse dialektane dei vil møte på i samfunnet, seier stipendiaten.
Det som var felles for dei tre lærarane, var at dei hadde stor språkleg variasjon.
Ein måndag morgon gjekk ein av lærarane rundt i klasserommet og spurde elevane kva dei hadde gjort i helga, og læraren spurde på svært forskjellige måtar, for eksempel «Ka du ha gjort i helgå, kva har du gjort i helga», osv. Variasjonen skjer ikkje bevisst, fortel Høyland.
Lærarane uttrykker positive haldningar til variasjonen dei høyrer i videoopptaka, men dei er også i tvil om variasjonen er positiv eller negativ for elevane.
Kan integrere det i lærarutdanninga
Høyland meiner at dei språklege praksisane utgjer eit potensiale i undervisninga. Dersom ein er bevisst på talespråket, kan ein også utnytte det didaktisk.
– Eg meiner vi kan legge inn øvingar og refleksjonsoppgåver i undervisninga for lærarstudentane, og studentane kan ta det med seg inn i lærarjobben seinare. Eg tilrår lærarstudentane å reflektere kring eigne språklege praksisar.
Høyland har sjølv undervist i ei innføringsklasse der bokmål var hovudmålet. Der merka ho seg den store forskjellen på korleis ho snakka i og utanfor klasserommet. Ho gjekk inn i rommet og slo fort over i bokmålsnær tale.
– Nynorsk som opplæringsspråk ser ut til å vere ein døropnar for den komplekse språkvariasjonen. Studien viser også at språkbruk ikkje er ein del av den didaktiske planlegginga til lærarane, men samtalar rundt den norskspråklege variasjonen skjer likevel spontant i undervisninga, seier ho.
– Dette kan førebu elevane på kva som møter dei i språksamfunnet utanfor klasserommet.
Alltid vore språkinteressert
Brita Høyland har lang arbeidserfaring med språk og undervisning, og har vore lærar og høgskulelektor før ho starta på doktorgraden. Høyland er av dei som alltid har likt grammatikk.
– Det er spennande å finne system i språket, og i oppveksten har vi sikkert snakka like ofte om språk rundt middagsbordet som kva vi gjorde på skulen. Språk er min faglege bakgrunn, men eg har og kjend dette på kroppen sjølv. Eg har vore spørjande og undrande til min eigen praksis – kva er det som styrer og former språklege val der og då?
– Denne avhandlinga viser noko av det som går føre seg i eitt lokalsamfunn, og kan vere grunnlag for diskusjon vidare i skulen og i lærarutdanninga, og dette kan det gjerne forskast meir på, seier Høyland.