Frå tradisjon til maritim visjon

Kristoffer Fagervoll Sortland sin farfar starta møbelfabrikk i 1964, og faren dreiv den vidare. I dag har Kristoffer tatt steget inn i maritim innovasjon og fagutvikling.

Sortland møbelfabrikk låg nære heimen, og sidan det var så kort veg vitja Kristoffer ofte faren og bestefaren på jobb. Fabrikken var ein suksesshistorie i lokalsamfunnet, og alle i Sunnhordland kjende til produksjonen på Huglo. På det meste var det 15 tilsette i bedrifta, og dei leverte først og framst soveromsmøblar til Bohus og andre møbelbutikkar.

– Eg hugsar lukta i fabrikklokala der det stod senger, kommodar og soveromsmøblar, fortel Kristoffer Fagervoll Sortland når han mimrar om barndommen.

«Ola-benken» var ein slagbenk, og den store bestseljaren til verksemda. Dei produserte også stolar og bord til slagbenken, så det var mykje aktivitet og eit yrande liv.

Verksemda hadde eit godt omdømme og mange har i dag ein Ola-benk i huset. Dette var kortreist produksjon, laga i solid furu og eit møbel som kan nyttast i hundrevis av år om ein tek vare på den. Heiltre var eit naturleg val i ein region med rik tilgong på skog og andre naturressursar. Det er lang tradisjon for kortreiste råvarer og kvalitet på Vestlandet.

– Eg gjekk ofte ned til fabrikken etter skuletid for å vitje papen og farfar. Eg hadde stor respekt for produksjonen og kom først inn på kontora deira. Innanfor kontora låg lokala der dei produserte møblane. Der låg det møblar som var i produksjon og møblar som allereie var flatpakka. Frå ungdomsskulealderen deltok eg stundom, og pakka hundrevis av små posar med skruer og treproppar. Eg har nok bidrege til at eit par tusen møbeldelar kunne monterast i saman og lærde mykje av det.

Maritim sektor er viktig for Sunnhordland

Oppveksten var nært knytta til ein produksjon der dei nytta lokale naturressurar og kompetanse. Denne erfaringa spela ein viktig rolle då Kristoffer tok Teknisk allmenfag (TAF) ved Stord vidaregåande skule. Denne linja gav han både fagbrev og studiekompetanse.

– Industrien i Sunnhordland har alltid vore tett knytt til maritim sektor. Eg gjekk halve veka på skulen og halve tida i lære. Slik kom eg i jobb i Leirvik AS og fekk praktisk kompetanse. Dette vart eit heilt nytt møte med arbeidslivet knytt til maritim næring. Eg vaks opp ved sjøen, med båtar og fiske. Difor var det naturleg å fortsetje i den retninga.

Ingeniørstudiet vart mykje lettare fordi læretida og utdanninga frå Stord hadde gitt Kristoffer praktisk erfaring som han kunne knytte opp mot problemstillingar og ulike tema i utdanninga. Det å arbeide med innovasjon og utdanning ved HVL i Haugesund vart difor eit naturleg val i fortsettinga av den maritime interessa, utdanninga og erfaringa. Oppveksten tett på ein møbelfabrikk gav ei forståing for skapande verksemd. Denne nærheita til arbedslivet er noko han fekk ei intuitiv forståing av tidleg.

– Praksis er viktig og instituttleiaren vår har no arbeidd hardt for at studentane tidleg skal ut i praksis og få kjenne arbeidslivet på kroppen. Den praksisnære og arbeidslivsrelevante satsinga er noko eg meiner er avgjerande for å gi studentane riktig erfaring og kompetanse. Dette er noko dei vil ha nytte av gjennom heile yrkeskarrieren.

Hausten 2022 startar eit nytt bachelorprogram i nautikk med integrert praksis ved HVL i Haugesund. Dette opnar for ei læring som er kopla på næringa og den kvardagen som møter ein til sjøs. Høgskulen på Vestlandet er først ute i Noreg med denne utdanninga, som mellom anna vil tilby ei av verdas beste simulatortreningar.