Studenter tester ut det å være styrmann til sjøs

Nautikk med integrert praksis

Bachelor

Drøymer du om å jobbe til sjøs? Denne nautikkutdanninga er den einaste i Noreg i dag som gir deg både teorien og praksisen du treng for å jobbe som styrmann etter endt utdanning.

Kvifor studere nautikk?

Bachelor i nautikk med integrert praksis ved HVL er den første utdanninga i sitt slag i Noreg. Dette er ei praksisnær leiarutdanning som gir deg relevant jobb rett etter studiet. Å studere nautikk i den maritime byen Haugesund gjer at du som student vil vere i tett kontakt med den lokale næringa. På campus Haugesund finn du eit toppmoderne simulatorsenter kor du som student får prøve deg på dei praktiske oppgåvene innan nautikk.  

I studiet lærar du blant anna å:

  • planlegge og gjennomføre seglas i ulike farvatn
  • administrere og leie mannskap om bord
  • planlegge og vurdere risiko

Tidlegare måtte du skaffe deg praksis sjølv i etterkant av studiet, men no er praksis tatt inn i studiet og gir deg alt du treng for å løyse dekksoffisersertifikat. Du vil difor kunne gå direkte ut i jobb som styrmann etter fullført utdanning, utan å måtte gå vegen om kadettstilling.

Har du ikkje generell studiekompetanse? Viss du har relevant fagbrev som matos eller fiskar, kan du ta nautikk gjennom y-vegen

Praksis

Som student vil du dra ut i praksis til sjøs kvart studieår – lengda på praksisperiodane vil variere. For å sikre alle studentane gode praksisplassar samarbeider vi tett med reiarlaga Altera Infrastructure, Arriva Shipping AS, Color Line AS, DOF Management AS, Eidesvik AS, Knutsen OAS Shipping, Odfjell SE, Simon Møkster Shipping, Solstad Shipping AS, Sølvtrans, Utkilen AS og Østensjø Rederi.

Praksis er obligatorisk i studiet og dekker dei formelle krava til fartstid i den praktiske delen av utdanninga. Samla sett utgjer praksisperiodane 60 studiepoeng. Praksisperiodane har ulik lengd (frå 4 til 8 veker) og er fordelte over dei fire åra utdanninga varer.

Korleis er undervisninga?

Du skal være godt rusta for yrkeslivet som møter deg etter studietida. Difor er vi oppteken av at du får innblikk i arbeidslivet gjennom heile utdanninga. Dette skjer mellom anna gjennom praksisperiodar, simulatortrening, gjesteforelesarar frå næringa og bedriftsbesøk.

Undervisninga vekslar mellom forelesingar, praksis, praktiske øvingar, oppgåveløysing, gruppearbeid, presentasjonar, diskusjonar, bedriftsbesøk og sjølvstudium. Praksisperiodane er sentrale i studiet og bind saman teori og yrkesliv. Ein annan viktig del av utdanninga er simulatorøvingar. Vi har eit toppmoderne simulatorsenter ved campus Haugesund der du kan omsetje teori til praksis og samstundes bli kjend med utstyret du skal bruke i jobben om bord.

Kva kostar det å studere?

Som student må du betale ei semesteravgift på kr 750 kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet.

Vidare studium etter fullført utdanning

Etter fullført bachelor i nautikk kan du søke deg inn på følgande masterutdanningar på HVL:

Du kan også studere vidare på ulike mastergradsstudium nasjonalt eller internasjonalt.

Andre utdanningar du kanskje vil like