
Marinteknikk
Bachelor
Marinteknikkingeniørens fremste oppgåve er å gjere berekningar for å kunne designe nye skip, flytande konstruksjonar og forankringssystem på ein sikker måte.
Kvifor studere marinteknikk?
Noreg er verdsleiande innan teknologi for skip, plattformer og oppdrettsanlegg. Her har marinteknikkingeniørane historisk vore involvert i hydrodynamisk design og konstruksjon, og utvikling av sikre installasjonsmetodar i vanskelege verforhold.
Teknologiutvikling innan fornybar energi med tidevasskraft, offshore vind- og bølgjekraft er avgjerande for framtidig verdiskaping og for korleis vi brukar havet på ein miljøvenleg måte. Der skal marinteknikkingeniøren bidra med utvikling av nye installasjonsmetodar, men også bruke kjent kunnskap innan konstruksjon, hydrodynamikk og forankring frå skip og plattformer.
Utdanninga har god kontakt med industrien i regionen. Mellom anna får du gjere oppgåver i samarbeid med bedrifter.
Korleis er undervisninga?
Arbeids- og undervisningsformene varierer noko frå fag til fag. Det er forelesningar, gruppearbeid, praktisk arbeid i laboratorium og i tillegg sjølvstudium. Ved gruppearbeid og laboratoriearbeid er det krav til fysisk oppmøte. Nokre fag har skriftleg eksamen, medan andre fag kan ha mappevurdering eller munnleg eksamen.
Studiet tek i bruk dataverktøy til design, utrekning og konstruksjon. Høgskulen har også ein 50 meter lang modelltank, MarinLab, som blir brukt for å synleggjere teori og til å verifisere resultat frå utrekningar. MarinLab blir både brukt i undervisning og i bacheloroppgåver i samarbeid med industri.

Kva kan du jobbe med?
Ein stor del av Noregs eksport er knytt til havbruk, skipsfart og skipsbygging, fiskeri og olje og gass. Ferdigutdanna studentar fra marinteknikk jobbar med varierte oppgåver innan alle desse bransjene.
Skipsdesignselskap, reiarlag, verftsindustrien, offshoresektoren, klassifikasjonsselskap og offentlege etatar er døme på nokre av dei tradisjonelle bransjane som tilset ingeniørar med med utdanninga i marinteknikk. Nye bransjar er oppdrettsnæring og fornybar energi.
Vil du studere meir?
Dersom du ikkje vil søke arbeid direkte, fortset mange av våre studentar på marintekniske masterstudium, hovedsakleg ved marinteknikk på NTNU. Utanlands er det ofte University of Strathclyde som lokkar med fleire relevante masterstudium.
Hausten 2022 planlegg HVL oppstart av ein ny master i berekraftig energiteknologi som vil gi tittelen sivilingeniør. I Haugesund tilbyr HVL saman med Leer i Tyskland også master i maritime operasjonar. Det er også mogleg med masterstudium i havteknologi - marine installasjonar ved UiB.
Utveksling
Utdanninga legg til rette for at du kan ta eit semester ved eit universitet eller ein høgskole i utlandet, om du ønsker det. Sjå kor du kan reise i lista under.
Kor kan du reise?
Australia | Queensland University of Technology
Storbritannia og Nord-Irland | University of Strathclyde