Økonomi og administrasjon

Med ein bachelor i økonomi og administrasjon får du ei yrkesretta utdanning som opnar for mange moglegheiter innan både privat næringsliv og offentleg forvaltning.

Studiet passar godt for deg som ønskjer å jobbe med rådgivings- eller spesialistoppgåver knytt til dei økonomiske, organisatoriske eller administrative delane av ein privat eller offentleg organisasjon.

Nytt i 2019 er obligatorisk emne i etikk, samfunnsansvar og berekraft.

Etter fullført utdanning kan du bygge på med ein mastergrad ved ulike høgskular og universitet i Noreg og i utlandet.