Opptakskrav og søknad
Søknadskode i Samordna opptak
203515
Opptakskrav
Poenggrense ved forrige opptak
- Ordinær kvote Alle kvalifiserte
- Førstegangsvitnemål Alle kvalifiserte
Om å søke opptak til HVL
Kvifor studere økonomi og administrasjon?
Økonomi er viktig både for kvar enkelt og for samfunnet, men økonomi og administrasjon handlar om mykje meir enn berre tal. I tillegg til typiske økonomifag, har du fag som marknadsføring, leiing, strategi og samfunnsansvar.
Ved å ta ein bachelor i økonomi og administrasjon kan du bidra til verdiskaping for verksemder og samfunn.
Dette studiet kan du ta ved HVL Sogndal, men du kan også studere økonomi og administrasjon ved HVL Bergen eller HVL Haugesund. Du kan også ta studiet på deltid i Haugesund.
Kva kan du jobbe med?
Du blir kvalifisert for eit stort spekter av ulike jobbar innan offentleg og privat sektor, interesseorganisasjonar og frivillige organisasjonar.
Etter fullført utdanning kan du jobbe som blant anna fagperson eller rådgivar med arbeidsoppgåver innan rekneskap, marknadsføring, innkjøp, personalforvaltning, eller meir generelle oppgåver knytt til analyse, leiing og administrasjon.
Fordjupinga innan rekneskap og skatt kvalifiserer for utdanningskravet for å bli autorisert rekneskapsførar. For å kunne søke om autorisasjon må du i tillegg ha tre års relevant arbeidserfaring.
Korleis er undervisninga?
Vi har forelesingar, seminar, gruppeøvingar og organiserte kollokviegrupper med rettleiing. Vi koplar teori og praksis gjennom arbeid med relevante problemstillingar.
Det blir lagt opp til ein studietur i 2. eller 3. klasse, med besøk hos verksemder og institusjonar.
Dei to første studieåra vil du få grunnleggande kunnskap om samfunnsøkonomi, jus, organisasjon og leiing, bedriftsøkonomi, rekneskap og marknadsføring. I fjerde semester kan du ta valemne.
I tredje studieår vil du berre ha tre obligatoriske fag: Samfunnsvitskapleg metode, leiing og bacheloroppgåve. Dette gir deg friheit til å velje blant fleire spennande valemne, som vidaregåande finansrekneskap, skatte- og avgiftsrett, prosjektleiing, merkevarestrategi, anvendt finans, Human Resource Management, med meir.
Korleis bli siviløkonom?
Siviløkonom er ein beskytta tittel, og gjer deg svært ettertrakta på arbeidsmarknaden. For å få tittelen må du ta både ein bachelor og ein master i økonomi og administrasjon, altså ei femårig utdanning. Tar du denne bacheloren kan du søke deg vidare på Master of Science in Bussiness ved HVL for å bli siviløkonom.
Forkurs i matematikk
Studiet krev gode forkunnskapar i matematikk. Vi anbefaler derfor studentar med praktisk matematikk (P-matte) frå vidaregåande skule å delta på forberedande kurs i august. Mattekurset BØA111 Matematikk for økonomar krev gode forkunnskapar i matematikk og bygger på kunnskap tilsvarande S1+S2 frå vidaregåande skule. Studentar med begrensa forkunnskapar i matematikk, må derfor rekne med betydelig ekstra arbeidsinnsats i matematikkurset. Studentar som har S- eller R-matte, men som føler at dei har «gløymt mykje» av tidlegare matematikkunnskapar bør også delta på forkurset. Studentar som nylig har hatt S- eller R-matte, eller matematikk fra høgskule/universitet, har derimot ikkje behov for å ta forkurset.
Tidspunkt for forkurs i matematikk hausten 2024:
- Tysdag 13.08. kl. 10.15–14.00
- Onsdag 14.08. kl. 10.15–13.00
- Måndag 19.08. kl. 08.15–10.00
Stad: Auditorium Sognefjorden (F300).
Påmelding: Det er ikkje påmelding til forkurset. Har du spørsmål om forkurset, kan du sende e-post til Philip Toney.
Vidare studium etter fullført utdanning
Etter fullført bachelor i økonomi og administrasjon kan du søke deg inn på følgjande masterutdanningar på HVL:
Du kan også studere vidare på ulike mastergradsstudium nasjonalt eller internasjonalt.
Utveksling
Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 2. studieår, 4. semester.
Kor kan du reise?
Australia | Queensland University of Technology
Australia | Victoria University
Australia | University of the Sunshine Coast (UniSC)
Australia | James Cook University
Australia | Griffith University
Belgia | Higher Education Institution of the Province of Liege
Belgia | EPHEC University College
Belgia | Artevelde University of Applied Sciences
Belgia | University Colleges Leuven-Limburg (UCLL)
Belgia | University College Ghent (HoGent)
Brasil | University of the Valley of Itajai (UNIVALI)
Canada | Trent University
Canada | Royal Roads University
Danmark | IBA Kolding
Finland | Seinajoki University of Applied Sciences (Seinajoki UAS)
Finland | Satakunta University of Applied Sciences (SAMK)
Frankrike | IDRAC Business School (AIPF)
Frankrike | 3A APTIM
Frankrike | University of Western Brittany (UBO)
Italia | University of Padova (UniPd)
Japan | Kansai University
Japan | Kanagawa University
Latvia | ISMA University
Litauen | Alytaus Kolegija University of Applied Sciences
Nederland | Avans University of Applied Sciences
Polen | WSB University in Gdansk
Polen | WSB University (Dabrowa Gornicza)
Romania | Ovidius University of Constanța (OUC)
Slovenia | The University of Primorska
Spania | University of Huelva
Storbritannia og Nord-Irland | De Montfort University
Storbritannia og Nord-Irland | University of Strathclyde - Business School
Storbritannia og Nord-Irland | University of Manchester
Sveits | Geneva School of Business Administration (HEG)
Sør-Korea | Myongji University, Seoul
Tsjekkia | Skoda Auto University
Tyrkia | Ankara Science University
Tyskland | University of Applied Sciences Emden/Leer
Tyskland | Ingolstadt University of Applied Sciences (THI)
Tyskland | Mainz University of Applied Sciences
Tyskland | BSP Business & Law School
Tyskland | HTWG Konstanz University of Applied Sciences
USA | Pacific Lutheran University
USA | Indiana University of Pennsylvania (IUP)
USA | Augsburg University
USA | Augustana University
USA | San Diego State University (SDSU)
USA | California State University Monterey Bay (CSUMB)