
Økonomi og jus
Bachelor
Med bachelor i økonomi og jus får du ei brei og yrkesretta utdanning som kan brukast innanfor arbeidsfelta forvaltning, sakshandsaming, rådgiving, leiing og økonomisk styring. Du får ein etterspurd og unik kompetanse innan økonomi og jus.
Studiet er sett saman av emne frå dei viktigaste økonomiske og administrative fagområda, i tillegg til grunnleggande juridiske emne.
Du lærer om:
- korleis du tolkar og brukar lovreglar inn i konkrete problemstillingar på rettsområde som kontraktsrett, forvaltningsrett og familierett
- bedriftsøkonomi, samfunnsøkonomi og marknadsføring
- leiing og strategi
Første studieåret tilsvarar årseining i jus. Med fullført årsstudium kan du søke opptak direkte til 2. år. Du søker gjennom vår Søknadsweb.
Dei to neste studieåra er sett saman av emne som dekkjer minimumskrav for bachelor i økonomi og administrasjon.
Korleis er undervisninga?
Læringsaktivitetane er varierte og det inngår forelesingar, seminar, gruppearbeid, øvingsoppgåver og munnlege presentasjonar. Teori vert kopla til praksis gjennom arbeid med relevante problemstillingar.
Kva kan du jobbe med?
Rådgjeving- og spesialistoppgåve innan økonomi, administrasjon og jus i privat næringsliv, offentleg organisasjonar og tredje sektor.
Vil du studere meir?
Du kan bygge på utdanninga med ei masterutdanning ved ulike høgskular og universitet.
Bachelor i økonomi og jus dekkjer dei nasjonale krav til bachelor i økonomi og administrasjon og gjev grunnlag for opptak til masterutdanningar innan økonomi og administrasjonsfag, også masterutdanningar som gjev sidetittelen siviløkonom.
Er du interessert i marknadsføring og innovasjon kan du etter at du har gjennomført bachelor i økonomi og jus søke opptak ved Master of Science in Business i Sogndal som gir sidetittel siviløkonom.