Jus

Årsstudium

Juridisk kunnskap er etterspurd både i offentleg og privat sektor. Jus årsstudium kan enten vere starten på ei masterutdanning i rettsvitskap, eller inngå i ei anna utdanning der du ønsker særlege kunnskapar i juridiske emne.

Kvifor studere jus?

Studiet gir deg ei innføring i juridiske metode og grunnleggande reglar innan offentleg- og privatrett. Du får utvikla di evne til å identifisere, sortere og løyse problemstillingar, og god trening i skriftleg framstilling, utgreiing, drøfting og analyse. Dette er ferdigheiter som kjem godt til nytte i dei fleste stillingar.

Du kan studere årsstudium jus ved campus Sogndal

I studiet lærer du:

  • om juridisk metode, som er den framgangsmåten juristar brukar for å løyse rettsspørsmål. Dette er også ein generell metode for sakleg og strukturert argumentasjon, som kan vere nyttig innanfor andre område enn jus. 
  • om innhaldet i rettsreglar på område som kontraktsrett, forvaltningsrett og familierett
  • korleis rettssystemet er bygd opp
  • korleis tolke rettsreglar og nytte dei til å løyse rettslege problemstillingar

Kva kostar det å studere?

Som student må du betale ei semesteravgift på kr 750 kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.

Vidare studium etter fullført utdanning

Etter fullført årsstudium kan du søke opptak direkte til 2. år på bachelor i økonomi og jus ved HVL.

Etter at du har sendt søknad, kan du søke om fritak/innpass for eksamenar du allereie har gjennomført i samband med vidare juridiske studium ved andre høgskular/universitet. Du må undersøke med den gjeldande utdanningsinstitusjonen om du kan få godkjent heile året, og dermed begynne rett på andre år. Heile, eller deler av, årseininga kan og inngå som valfagsemne i andre bachelorgradar.