Augustana University
Augustana har ca 2000 studentar frå 34 ulike land. Haustsemesteret går frå august til desember, medan vårsemesteret går frå februar til juni.
Alle norske studentar som vil studere eit semester i USA må skaffe seg eit studentvisum. Det er først etter at du har fått opptaksbrevet og I-20 skjema frå skulen at du kan søke om dette. For å få studentvisum må du dra på visumintervju på den amerikanske ambassaden i Oslo.
Gjeld for
Grunnskulelærar og Sjukepleie
Språk
Undervisinga går på engelsk. Undersøk med vertsinstitusjonen kva krav til dokumentasjon som er gjeldande.
Om du må bevise språkkunnskapane dine ved opptak, kan du ta ein språktest, f.eks. TOEFL eller IELTS. Du bør melde deg opp til desse testane så tidleg som mogleg i søknadsprosessen, da plassene ofte raskt blir fylt opp.
Om du har 4 eller betre i engelsk frå vidaregåande kan du bruke vitnemål som bekrefting på språkkunnskapar. Vitnemålet kan være på norsk.
Studieavgift
Frå Lånekassen vil du få same støtte som når du studerer i Norge, i tillegg til reisestøtte. Du må betale semesteravgift til HVL for å få lån og stipend frå Lånekassen i utvekslingsperioden.
Ved denne institusjonen må du betale skolepengar og du kan du få stønad til dette frå Lånekassen. Du vil få meir informasjon om dette frå HVL i søknadsprosessen, men du kan og finne meir informasjon på vertsinstitusjonens nettside og på Lånekassens sider.
Faglig godkjenning
For å kunne søke om utveksling må du ha fått søknaden din godkjend av studieprogrammet ditt ved det fakultetet du tilhøyrer. Ein godkjend søknad inneber blant anna at du har fått ein fagleg førehandsgodkjenning av kurs eller praksis som du skal ta i utlandet. Den faglege førehandsgodkjenninga spesifiserer kva du skal gjere medan du er på utveksling og at desse aktivitetane vert fullt ut godkjend som ein del av din utdanningsplan ved HVL
Kva kan du studere?
Bachelor i økonomi og administrasjon, Haugesund
De kan dra på utveksling til Augustana University i løpet av utdanninga. Vanlegvis foregår utvekslinga i 4. semester. Kva semester som gjeld for deg vil avhenge av kva campus du studerar på.Ta kontakt med din faglege kontaktperson for meir informasjon.Historie, bachelorstudium, Sogndal
De kan dra på utveksling til Augustana University i løpet av utdanninga. Vanlegvis foregår utvekslinga i 3. eller 4. semester. Ta kontakt med din faglege kontaktperson for meir informasjon.Sosiologi - ungdomssosiologi, bachelorstudium
De kan dra på utveksling til Augustana University i løpet av utdanninga. Vanlegvis foregår utvekslinga i 3. eller 4. semester. Ta kontakt med din faglege kontaktperson for meir informasjon.Reiselivsleiing, bachelorstudium, Sogndal
De kan dra på utveksling til Augustana University i løpet av utdanninga. Vanlegvis foregår utvekslinga i 3. semester. Ta kontakt med din faglege kontaktperson for meir informasjon.Grunnskulelærarutdanning 1.-7. trinn
På grunnskulelærarutdanninga kan du dra på utveksling og ta samfunnsfag ved Augustana University. I 5. semester kan du ta skulerelevante fag.Det vil i 2020/21 være mulig for studenter i et 5-årig lærerutdanningsprogram å søke om et Fulbrightstipend til opphold på minimum 4 måneder i USA. Les mer om Fulbrightstipendet her
Grunnskulelærarutdanning 5.-10. trinn
På grunnskulelærarutdanninga kan du dra på utveksling og ta samfunnsfag ved Augustana University. I 5. semester kan du ta skulerelevante fag.Det vil i 2020/21 være mulig for studenter i et 5-årig lærerutdanningsprogram å søke om et Fulbrightstipend til opphold på minimum 4 måneder i USA. Les mer om Fulbrightstipendet her