Kvinneleg student med bok og kalkulator foran bokhyller.

Økonomi og administrasjon | Haugesund | deltid

Bachelor

Med ein bachelor i økonomi og administrasjon får du ei solid og brei fagleg plattform, og du blir attraktiv på arbeidsmarknaden.

Kvifor studere økonomi og administrasjon?

Økonomi er viktig både for kvar enkelt og for samfunnet. Økonomi og administrasjon handlar om mykje meir enn berre tal. I tillegg til typiske økonomifag, har du fag som marknadsføring, leiing, strategi og samfunnsansvar. 

Ved å ta ein bachelor i økonomi og administrasjon kan du bidra til verdiskaping for verksemder og samfunn.

Utdanninga er tverrfagleg og yrkesretta, og er lagt opp slik at du kan arbeide ved sidan av studiet.

I tillegg til ein brei økonomisk og administrativ kompetanse, får du spisskompetanse innanfor ei fagretning du vel sjølv.

Du kan også ta utdanninga på heiltid. Du kan studere økonomi og administrasjon i Bergen, Haugesund eller Sogndal.

Korleis er undervisninga?

Vi har forelesingar, diskusjonar, seminar og rekneverkstad. Du arbeider med oppgåver både individuelt og i grupper. Det meste av undervisninga blir gjennomført på dagtid, saman med fulltidsstudentane. 

Du har fag innan:

  • bedriftsøkonomi og rekneskap
  • leiing, organisasjon og administrasjon
  • metode
  • samfunnsøkonomi
  • etikk, samfunnsansvar og berekraft

I 4. og 5. studieår vel du valemne og skriv bacheloroppgåve.

Korleis bli siviløkonom?

Siviløkonom er ei beskytta tittel, og gjer deg svært ettertrakta på arbeidsmarknaden. For å få tittelen må du ta ei bachelor og master i økonomi og administrasjon. Altså fem år med utdanning. Tar du denne bacheloren kan du søke deg vidare på Master of Science in Bussiness ved HVL for å bli siviløkonom.

Kva kostar det å studere?

Som student må du betale 750 kroner kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.

Fem glade studenter står arm i arm utenfor campus Stord. De har alle på seg blå hettejakke med høgskolen sin logo. De er studentambassadører og står klare til å ta imot nye studenter.

Usikker på studievalet? Sjekk kva arrangement vi har for å hjelpe deg å velje utdanning.

Les meir

Vidare studium etter fullført utdanning

Etter fullført bachelor i økonomi og administrasjon kan du søke deg inn på følgande masterutdanningar på HVL:

Du kan også studere vidare på ulike mastergradsstudium nasjonalt eller internasjonalt.

Utveksling

Grip moglegheita og opplev nye kulturar! 

Kor kan du reise?