Studierettleiing for studentar på Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap (FØS)

Studierettleiarane våre kan hjelpe deg med spørsmål om opptak, studium, utdanningsplanar, eksamen, utveksling og annan rettleiing i løpet av studietida. Du kan óg få hjelp med innpassing av utdanning frå andre utdanningsinstitusjonar, gradsoppnåing og vitnemål.

Kan vi hjelpe deg?

Campus

Merk at du ikkje bør skrive inn sensitive opplysingar i skjemaet.

Få rettleiing på campus

Campus Bergen

Vi er her for deg! Du finn oss på veiledningsrom M118 i K2.

Du kan bestille tid for studierettleiing eller ta kontakt på e-post. Veke 33–35 blir det drop-in rettleiing. Du kan booke time frå veke 36. 

Ta gjerne kontakt på e-post om du har spørsmål om til dømes utdanningsplan, eksamen, fagval og StudentWeb. Det er mange ting våre dyktige studierettleiarar og tilsette i praksisadministrasjonen kan løyse via e-post.

Du får raskt svar ved å send ein e-post til FOS-studierettleiar@hvl.no.

Drop-in veke 33:

  • Bachelor/årsstudium:
    • Tysdag kl. 08.30-10.00
    • Torsdag kl. 09.00-11.45
  • Master:
    • Onsdag kl. 08.30-10.00
    • Fredag kl. 09.00-11.45

Drop-in veke 34:

  • Bachelor/årsstudium:
    • Måndag kl. 09.00-11.45
    • Tysdag kl. 09.30-11.45
    • Torsdag kl. 09.00-11.45
  • Master:
    • Onsdag kl. 09.00-11.45
    • Fredag kl. 09.00-11.45

Drop-in veke 35:

  • Bachelor/årsstudium:
    • Tysdag kl. 09.00-11.45
    • Torsdag kl. 09.00-11.45
  • Master:
    • Onsdag kl. 09.00-11.45
    • Fredag kl. 09.00-11.45

Du kan bestille samtale til desse tidspunkta (frå veke 36)

Bachelorgrad

  • Tysdag 09.00-11.00
  • Torsdag 09.00-11.00

Mastergrad

  • Onsdag 09.00-11.00
  • Fredag 09.00-11.00
Bestill time for rettleiing

 

Studierettleiarane kan hjelpe deg med:

  • Spesiell tilrettelegging av studiet
  • Permisjon
  • Reglement
  • Innpassing av emne frå andre lærestader
  • Administrativ oppdatering av utdanningsplan (f.eks. hente inn emner utanfor utdanningsplan, rydde i utdanningsplan, endre kull etter permisjon)
  • Informasjon om masterprogrammer ved fakultetet

I tillegg har alle studieprogram ved fakultetet ein fagleg studiekoordinator som kan hjelpe deg med faglege spørsmål.

Studentrådgivinga i K2

Nokon gongar treng du tilrettelegging eller ein pause frå studiet. Kanskje vil du søke om godskriving av emne frå ein annan institusjon, eller ta eit studieopphald i utlandet? Vi kan gi deg råd og rettleiing i slike situasjonar. Vi er her for deg!

Hos studentrådgivinga i K2 finn du:

  • Studierettleiarar frå ditt fakultet
  • Eining for læringsmiljø og læringsstøtte
  • Opptak og rekruttering
  • Studentombodet
  • Representantar frå studentdemokratiet ved HVL
 
Studentrådgivinga i Bergen

Campus Sogndal

I Sogndal finn du studie- og karriererettleiinga i Karrieresenteret i 3. etasje i Høgskulebygget. Du kan også snakke med oss på Zoom eller telefon.

Du kan bestille time for studie- eller karriererettleiing, eller du kan komme på drop-in. Gå inn på nettsida til Karrieresenteret i Sogndal for å bestille time eller sjå tidspunkt for drop-in. 

Kva vil du vite meir om?