Studierett

Når du får opptak til eit studieprogram, får du studierett for den normerte studietida for programmet. Normert studietid for til dømes eit heiltids bachelorstudium er 3 år.

Dersom du av ulike grunnar treng lenger tid til å fullføre studiet ditt, kan du etter avtale justere utdanningsplanen din og bruker lenger tid på studiet ditt, innanfor rammer definert i forskrift om studium og eksamen ved HVL.

Studieretten din fell automatisk vekk når tida for tildelt/avtalt studierett er ute, eller du har fullført studieprogrammet. Merk at om du ikkje følgjer normert progresjon for studieprogrammet, må du rekne med å følgje den studieplanen som gjeld til ei kvar tid, og dei eksamensordningane som går fram av denne. Normal studieprogresjon skal vere 60 studiepoeng per år for eit heiltidsstudium. Utdanningsplanen synleggjer den planlagde faglege progresjonen og gjennomføring av studiet for den enkelte student.

Ta kontakt med studiekonsulent eller karriererettleiar for å få justert utdanningsplanen din. Her finn du kontaktinfo for studierettleiing på din campus.

Tap av studierett

Dersom du ikkje fullfører semesterregistreringa eller betaler semesteravgifta innan fristen kvart semester, vil du etter nokre dagar miste studieretten din. Du får då ei melding frå oss med vedtak på tap av studierett. For å klage på vedtaket, og eventuelt få studieretten din gjenoppretta, sender du ei klage via dette webskjemaet.  Fristen for å klage er 3 - tre - veker. Om du har spørsmål, kan du sende e-post til semesterreg@hvl.no, så svarar vi deg så raskt vi kan.

Poststudierett

Når du har fullført eit studieprogram, har du rett til poststudierett i inntil to påfølgande semester etter fullføring.

I perioden med poststudierett kan du forbetre karakter på individuell eksamen i emne der dette er mogleg. Om karakterane dine blir forbetra blir dei dokumenterte med karakterutskrift, ikkje med nytt vitnemål. Du kan også ta nye emne på studieprogrammet.

Søknadsfrist for poststudierett er 15. august i haustsemesteret og 15. januar i vårsemesteret. Søknaden sender du på e-post til fakultetet ditt: