Kvinneleg student ved bokhyller på biblioteket.

Studie- og karriererettleiing Sogndal

Treng du nokon å snakke med om studiet ditt, vegen vidare eller ønsker gjennomgang av CV og jobbsøknad? Vi er her for deg!

Kom innom oss i 3. etasje i Høgskulebygget! 

Det kan vere fint å få hjelp til å sortere tankar og sjå moglegheiter, og vi i Studie- og karriererettleiinga vil gjerne vere ein samtalepartnar for deg. Det er du sjølv som må ta vala, men vi kan hjelpe deg på vegen og gi konstruktive innspel.

Jobbsøkjarkurs

Vi arrangerer jobbsøkjarkurs fleire gonger i semesteret.

Slik kjem du i kontakt med oss

Du kan snakke med oss om: 

  • motivasjon, stress, bekymringar
  • studieteknikk og eksamensmestring
  • studierett og permisjon
  • utdanningsplan, godskriving og fritak
  • utveksling
  • tilrettelegging i studiet
  • gjennomgang av jobbsøknad og CV 
  • kva kan eg bruke utdanninga mi til, og kva ønskjer eg eigentleg å jobbe med?

Du kan enten bestille tid til rettleiing i skjemaet under, så vil vi ta kontakt og avtale tid for samtale, eller du kan komme på drop-in (sjå tidspunkt under). 

Du finn Studie- og karriererettleiinga i 3. etasje Høgskulebygget. Du kan også snakke med oss på Zoom eller telefon. 

Bestill studie- eller karriererettleiing

 

Tidspunkt for drop-in:

  • Institutt for samfunnsvitskap: Tysdag kl. 10–12
  • Institutt for miljø- og naturvitskap: Tysdag kl. 12–14
  • Institutt for økonomi og administrasjon: Onsdag kl 12–14
  • Institutt for velferd og deltaking: Onsdag kl. 10–12
  • Gjennomgang cv/jobbsøknad, tilrettelegging i studiet m.m: Torsdag kl 10-12
  • Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett: Torsdag kl. 12–14

Følg oss på Facebook for artiklar og tips om jobbsøkarprosess og arbeidsliv!

Kven møter du i Studie- og karriererettleiinga?

Turid Mølmesdal er leiar av Studie- og karriererettleiinga. 

bilde av Ingrid Faaberg

Ingrid Faaberg

Rådgivar

bilde av Irene Wolff Menes

Irene Wolff Menes

Rådgivar

bilde av Torill Ruud

Torill Ruud

Rådgivar

bilde av Øystein Backelin

Øystein Backelin

Rådgivar