Jobbintervjuet

Dersom du er så heldig å bli innkalt til intervju, må du førebu deg godt! Dette er din sjanse til å selge deg inn hos arbeidsgivar.

Før intervjuet

  • Skaff deg kunnskap om arbeidsgivaren du skal på intervju hos. Bruk nettsida, les om satsingsområde, årsrapport, organisasjonskart med meir.
  • Les gjennom stillingsannonsen på nytt. Går det tydeleg fram kva arbeidsoppgåver som er lagt til stillinga? Er noko uklart? Dette kan vere utgangspunkt for spørsmål du vil stille på intervjuet.
  • Les gjennom søknaden og CV’en din på nytt, og ta det gjerne med deg på intervjuet. Bruk det som ei huskeliste når du skal presentere deg sjølv.
  • Tenk nøye gjennom kvifor du vil ha denne jobben. 
  • Prøv å førebu ein tre minutts presentasjon av deg sjølv der du gjerne er litt personleg. 
  • Førebu deg på dei vanskelege spørsmåla, som kva du er god til, kva som er dine svake sider og kvifor arbeidsgivar skal velje akkurat deg. 

Under intervjuet

Eit intervju varar vanlegvis frå 45 til 60 minutt. Du vil møte mellom to og fem personar med ulike roller i bedrifta. Den som intervjuar deg er gjerne din framtidige sjef. Vit at det er normalt å vere nervøs, og at arbeidsgivar er klar over dette!

Intervjuet startar vanlegvis med at arbeidsgivar fortel litt om bedrifta og den ledige stillinga. Så er det din tur. Eit vanleg åpningsspørsmål er «Kan du fortelle litt om deg sjølv?» Arbeidsgivar ønskjer å få eit bilde av kven du er som person, kva val du har tatt i livet, kva du likar å gjere på fritida med meir. Deretter vil arbeidsgivar stille deg ulike spørsmål.

Aktuelle spørsmål:

  • Kvifor søkte du på denne jobben?
  • Kva er du god til?
  • Kva kan du bli betre til?
  • Korleis arbeider du under tidspress?
  • Foretrekker du faste rutiner, eller må det vere nye oppgåver heile tida?
  • Fortel om eit prosjekt der du følte at du lukkast
  • Kva kan du bidra med i denne jobben?
  • Kvifor skal vi velje akkurat deg?
  • Hva gjorde du i den perioden det er hol i CV’en din?
  • Kva trur du at du jobbar med om fem år?

Kva ser arbeidsgivar etter?

I tillegg til faglege kvalifikasjonar, er arbeidsgivar opptatt av

  • motivasjon - virkar du interessert i denne stillinga?
  • engasjement – brenn du for oppgåvene som ligg til stillinga?
  • kjemi og personlegheit- vil du passe inn?
  • resultat - hva har du oppnådd tidlegare?

Avslutning av intervjuet

Intervjuet blir avslutta med informasjon om den vidare tilsettingsprosessen. Du vil som regel få vite når du kan forvente svar. Blir det ikkje sagt noko, så spør. 

Du kan også bli kalt inn til andregangsintervju etter at arbeidsgivar har silt ut aktuelle kandidatar.

Etter intervjuet

Mange arbeidsgivarar ringer til alle som har vore på intervju, og fortel kven som har fått tilbod om jobben. Alternativt sender dei deg brev eller e-post. Dersom du ikkje høyrer frå arbeidsgivar på ei stund, kan du ringe og spørre korleis det går. Dersom du ikkje får jobben, kan du spørre kvifor dei ikkje valde deg.

Ikkje mist motet om du ikkje får jobben! Det at du blei innkalt til intervju betyr at arbeidsgivar vurderte deg som kvalifisert til stillinga, og du kan ha gjort eit godt inntrykk sjølv om du ikkje fekk jobben. Husk også at det gir god trening å gå på fleire intervju.

Andre måtar å gjennomføre intervju på

  • Hos nokre arbeidsgivarar kan du bli kalla inn til gruppeintervju. Gruppeintervju er ein måte for arbeidsgivar å finne ut korleis du er som person, kva rolle du tar i gruppa med meir. Slik førebur du deg til gruppeintervju
     
  • Arbeidsgivar kan også gjennomføre eit caseintervju. Då vil du få ei praktisk oppgåve som skal løysast skriftleg eller munnleg. Ofte skal oppgåva løysast på eiga hand, men det hender også at du må samarbeide i grupper om løysinga. Eit case tar ofte utgangspunkt i ei problemstilling bedrifta står overfor.