Jobbsøknaden

Den perfekte jobbsøknaden finst ikkje, men vi har nokre tips som kan hjelpe deg til å skrive ein god søknad.

Før du byrjar å skrive ein jobbsøknad, er det lurt å kartlegge og bli bevisst din eigen kompetanse.

Still deg sjølv følgjande spørsmål:

  • Kven er eg?- personlege eigenskapar
  • Kva kan eg?- utdanning og praksis
  • Kva vil eg?- motivasjon

Når du har svart på desse tre spørsmåla, har du eit godt utgangspunkt for å skrive ein god søknad.

Kva ser arbeidsgivar etter?

Arbeidsgivar ser på hva slags kompetanse du har, og korleis denne passar med jobben du har søkt. Kompetansen din er summen av fagkunnskap, generelle akademiske ferdigheiter, erfaring, prestasjonar, personlege eigenskapar og motivasjon.

I jobbsøknaden må du derfor svare på desse spørsmåla:

  • Motivasjonen din for å søke jobben
  • Kva kan du bidra med på bakgrunn av fag og anna erfaring?
  • Kven er du som person og kollega?

Kva og korleis bør du skrive?

Skriv slik at arbeidsgivar får lyst til å møte deg!

  • Kvar søknad må tilpassast jobben du søker på. Pass på å svare på utlysingsteksten!
  • Bruk standard brevmal, maks ei side.
  • Gjer søknaden oversiktleg - bruk avsnitt og luft.
  • Ha eit godt språk! Unngå skrivefeil, skriv konkret, varier språket (unngå til dømes at alle avsnitt byrjar med «eg»).
  • Ikkje gjenta cv’en din.
  • Trekk fram dei delane av kunnskapen og kompetansen din som er relevant for jobben du søker på.
  • Få arbeidsgivar til å forstå kva du kan. Ikkje overlat til arbeidsgivar å tolke kva kompetanse du har.
  • Skriv framtidsretta og fortel korleis du vil bruke erfaringane dine til å utføre arbeidsoppgåvene og rolla.
  • Bruk eksempel for å underbygge personlege eigenskapar: Eks: «Samarbeidsevner og leiarerfaring fekk eg bruk for som leiar av Studenttinget.»

På Universitetet i Oslo sine sider finn du fleire eksempel på korleis du skriv ein god jobbsøknad.

Open søknad

Er det ein arbeidsgivar du har spesielt lyst å arbeide hos, men som ikkje har nokre ledige stillingar utlyst? Då kan du sende ein open søknad. Nokre arbeidsgivarar oppfordrar til å sende inn opne søknader, andre ikkje. Sjekk dette med arbeidsgivar før du eventuelt sender ein open søknad.

10-14 dager etter at du har sendt søknaden, bør du følge opp med ein telefon til den du har sendt brevet til. Spør om dei har mottatt søknaden og korleis dei vurderer dine moglegheiter. Er det inga opning no, så spør om dei har nokre gode råd om kva du kan gjere for å få moglegheit til å bli ein aktuell kandidat seinare.