Vi tilrår studentar med praktisk matematikk (P-matte) frå vidaregåande skule å delta på førebuande kurs i velkomstveka. Matte-emnet «BØA111 Matematikk for økonomar» krev gode førehandskunnskapar i matematikk og byggjer på kunnskap som svarar til S1+S2 frå vidaregåande skule.
Studentar med berre P-matte, må difor leggja ned ein stor arbeidsinnsats i matematikkemnet. Studentar som har S- eller R-matte, men som meiner at dei har «gløymt mykje» av tidlegare matematikkunnskapar bør òg delta på forkurset.
Studentar som nyleg har hatt S- eller R-matte, eller matematikk frå høgskule/universitet, treng derimot ikkje å ta forkurset.
Tidspunkt for forkurs i matematikk hausten 2026:
- Tysdag 11.8. kl. 10.15–14.00
- Onsdag 12.8. kl. 10.15–14.00
- Torsdag 13.8. kl. 10.15–14.00
Stad: Auditorium Sognefjorden (F300).
Det er ikkje påmelding til kurset.
Har du spørsmål, kan du sende e-post til Torbjørn Årethun.
